Kan vi få sjå klagene, Borten Moe?

Kjære olje- og energiminister Ola Borten Moe. På Naturvernforbundet sitt landsmøte på Hamar fredag 26. august 2011 sa du i ditt innlegg at Naturvernforbundet klager på alle småkraftkonsesjonane. Er du heilt sikker på det?

Når vi blar gjennom dei 16 konsesjonane NVE har gitt i Møre og Romsdal i 2009 og 2010 finn vi vedtak for desse kraftverka:

  • Misfjord kraftverk
  • Grytneselva kraftverk
  • Viddal kraftverk
  • Dyrkorn kraftverk
  • Røfsdalselva småkraftverk
  • Skår småkraftverk
  • Rodal kraftverk
  • Bele kraftverk
  • Bruelva kraftverk
  • Myrholten kraftverk
  • Rødset kraftverk
  • Øygardselva kraftverk
  • Laurdalselva kraftverk
  • Draura kraftverk
  • Herje kraftverk
  • Embla kraftverk

Av desse skal vi vedkjenne oss å ha klaga på to:

  • Øygardselva kraftverk
  • Laurdalselva kraftverk

Der er mellom anna klagegrunnen at dette gjeld kraftverk med relativt heftig slukeevne i verna vassdrag, og for det eine er det i tillegg tale om noko så sjeldant som eit vassdrag som renn gjennom olivingrunn.

Herje kraftverk kunne vi vel kanskje hatt lyst til å klage på, men den er det Møre og Romsdal fylke som har klaga på som følgje av at dei har eit klekkeri for laks frå Rauma som blir råka.

Dei to andre sakene som det står i NVE sitt oversyn er klaga på veit vi det er utbyggar som har klaga.

Viss det er slik at det ikkje berre er 2 klager frå Naturvernforbundet, men 16, då er det nokon som gir seg ut for å vere oss.

Vi er difor svært interessert i å få kopi av klagene frå oss i dei andre sakene, så vi kan få klarlagt korleis dette heng saman.

Og forresten: På radio dei siste dagane har du forsøkt å bortforklare deg med at du prata om vindkraft. Den raudgrøne regjeringa di har gitt to konsesjonar til vindkraftverk i Møre og Romsdal; Havsul 1 og Haramsøya. Naturvernforbundet har ikkje klaga på desse heller.