Kan vi tru på politikarane?

Ope brev til Møre og Romsdal Høgre, Møre og Romsdal Venstre og Senterpartiet i Møre og Romsdal.

Hurtigbåtdrift kan vere nyttig verksemd i eit kystfylke, men samstundes er hurtigbåtar ei svært energikrevjande reiseform; hurtigbåttrafikken står for relativt store klimagassutslepp og NOx-utslepp. Dette var bakgrunnen for at Naturvernforbundet i Møre og Romsdal i juni 2006 kontakta Møre og Romsdal fylke for å få svar på kva miljøkrav som ville bli nytta i samband med at drift av fleire hurtigbåtsamband skulle ut på anbod.

Gjennom å stille miljøkrava i ein anbodskonkurranse ville fylket sikra at alle som skulle konkurrere om å køyre hurtigbåt i vårt fylke måtte oppfylle strenge miljøkrav, alternativt kunne fylket legge vekt på å få det miljømessig beste tilbodet. Naturvernforbundet har også lagt merke til at fleire av fylkespartia i Møre og Romsdal har engasjert seg i slike spørsmål.

I fylkesprogrammet for Høgre for neste periode heiter det: ”Offentlig transport må ta i bruk miljøvennlig drivstoff som gass og biobrensel.” Venstre vil i neste periode ”at kvar tiande liter drivstoff skal vere biodrivstoff innan 2012, at ferjekonsesjonar skal innehalde krav om lavare utslipp” og ”at alle sektorar i fylkeskommunen og i kommunane skal legge omsynet til miljøet i botnen for all si planlegging og verksemd.” Senterpartiet vil ”arbeide målretta for å minske klimagassutsleppa frå transportsektoren”.

Naturvernforbundet fekk diverre aldri svar då vi kontakta Samferdselsutvalet og fylket om dette. I staden kom våren 2007 anbodsutlysinga for drift av hurtigbåtruter i Møre og Romsdal, ei sak både Høgre, Venstre og Senterpartiet stilte seg bak.

Naturvernforbundet har hatt høve til å gå gjennom utlysinga og dei dokumenta som er sendt til aktuelle tilbydarar. Her kan vi ikkje sjå at det er stilt eit einaste relevant miljøkrav. Dette gir klare signal om at drifta av hurtigbåtane i Møre og Romsdal i åra framover skal halde fram å forureine like mykje som før.

Vårt enkle spørsmål til dykk er difor dette: Kvifor skal vi tru på det de skriv i fylkesprogramma?

Øystein Folden

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal