Kan vindkraft og naturvern gå ihop?

Innleiinga til Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal på vindkraftdebatt i Molde 27. februar 2006.

1. Vi må begynne med hovudspørsmålet: Har vi bruk for meir straum?

Svaret er nei, men det er det berre nokre få som veit. Dei fleste trur vi har bruk for meir straum. Kvar finst så denne straumen?

2. Jakta på energikjeldene

Vasskraft er fornybar og miljøvennleg straum er det nokre som seier.

Kvifor har vi då verna eit hundretals elvar og fossar? Kunne vi ikkje lagt alt saman i røyr – for det er jo miljøvennleg!

Vasskraft er fornybar i den forstand at det kjem nytt vatn når vi har brukt opp det gamle. Det kjem rett nok ikkje alltid til den tida som passer oss, men det kjem.

Vasskraft er ikkje fornybar når vi tenkjer på at areal blir overfløymde i vassmagasin, eller at vasstrengar i landskapet kjem bort. Det skjer noko med biologien også.

Når vi bygger ut vasskraft, er det tale om ein aksept av at nokre areal kan godtakast å bli omdisponerte, ikkje at alt er fornybart.

Solenergi har vi ikkje så store tradisjonar for hos oss. På hytta duger det til lys i lampa og tv-en, men elles er det ikkje så mykje tale om denne energien. Skjønt vi kan merke at det er verknad i solstrålane når dei kjem inn gjennom stoveglaset i februar og utover våren. Bygger vi lurt, kan vi spare mykje straumbruk på den måten.

Det er ikkje så mange miljøulemper med bruk av solenergi, men det kostar pengar.

Bølgekraft veit vi også noko om. Det er ingen tvil om at det er krefter i sving. Er det ikkje slik at det er så mykje krefter at dei fleste forsøka til no har gått på havet? Det er mykje mogleg at det er store energimengde å hente i bølgekraft, men førebels er dette umodne greier.

Vindkraft har vore nytta i årevis, men i gamal tid på direkte måte utan å lage straum. Men vi går forbi vindkrafta ein augneblink, for å sjå på andre alternativ først.

Biobrensel er vel nest eldste energiløysinga, etter sola. Skog er fornybart om vi steller oss fornuftig. Utsleppa kan vere av mange slag, men nyare omnar og bruk av dei med klokskap gjer at dette er ei energiform som er særleg interessant, sidan det dreier seg om store mengde i nærleiken av der det er trong for varme. Det gjer at ein kan spare seg ein del problem knytt til kraftleidningar og effektdimensjonering. Det er god sysselsetting knytt til bruken også.

Kol har vore brukt lenge, sjølv om vi i Noreg har mest røynsle med kol som ikkje er ferdig endå – torv. Verken torv eller kol fornyar seg så fort at dei kan reknast som fornybare. Det er altså ressursar som har ein ende. Dessutan er det ei utsleppside med CO2 som er svært alvorleg. Om vi ikkje passar på, kan vi gjere ende på vår sivilisasjon om vi går vidare med bruken av denne typen brennstoff.

Olje har vore i bruk i etter måten kort tid, og ressursane rekk kanskje for 100 år til. Under alle omstende er det slik at vi i løpet av få år vil oppleve at utvinningstakta ikkje aukar lenger, sjølv om behovet framleis er aukande. Olja kjem til å bli eit stort problem som blir dyrt og er alt for godt til at vi skal brenne det opp. Dessutan er det eit CO2-rekneskap som er heller ugreitt.

Gass skal løyse alle problem har vi sett. Fossil gass rekk vel ikkje ut 100-året. Difor kan vi seie det same om den som for olja.

Når gassen er brukt opp går vi over til hydrogensamfunnet. Det er mykje mogleg det. Til no er det ingen som har kome med den gode løysinga for kvar hydrogenet kjem frå. Det vanlege er å utvinne det av olje eller gass. Var det ikkje det som det var knapt med? Den andre måten er elektrolyse, og då går det med mykje straum. Det var vel knapt med det også? Hydrogen er inga ny energikjelde, men ein måte å lagre energi på.

Atomkraft vil vi ikkje snakke særleg om. Å lage eit avfall som andre må ta ansvar for i tusenvis av år er så etisk uakseptabelt at vi ikkje treng å seie meir om det.

3. Betaling for avgrensa ressursar

Ressursar som blir brukt opp blir ikkje betalt for. Dei som pumper opp olje betalar ikkje pengar til naturen som kompensasjon for råstoffet som er fjerna. Slik er det med kol og gass også. Det er årsaka til at slik energi er rimeleg. Det at desse ressursane blir fjerna har ein kostnad, men den overlet vi til seinare generasjonar.

Kostnaden med lagring av atomavfall betalar vi heller ikkje for. Framtidige generasjonar vil ha kostnad med å halde orden på avfallet, men vi har ikkje sett pengar på bok som dei kan bruke til den jobben.

Når det gjeld vasskraft blir det betalt for fallrettar og ulemper som grunneigarar og andre har, men fossefall som noko folk flest kan nyte blir det ikkje betalt for. Fossekallen får heller ikkje noko til dekning av flyttekostnadene.

Det at vi ikkje betaler for slike kostnader går ut over energiformer som biobrensel og solenergi. Dei har dårleg konkurransekraft fordi dei ikkje blir samanlikna med dei andre energikjeldene på like vilkår.

Sidan naturen ikkje har eigen bankkonto, kunne vi t.d. ha gjort som med flyavgifter, krevd inn ein sum og la det gå til naudhjelp i Afrika. Det er i alle fall ikkje nokon god ide å la dette gå i kommunekassa. Då er alle politikarar for utbygging nærast automatisk. Det er underleg kva pengar kan gjere med folk.

4. Vindkrafta

Vindmøller som ikkje syner, dei produserer heller ikkje straum. Følgjeleg må dei syne.

Der det bles jamt og mykje vil ikkje mange folk bu. Difor må vi bygge store kraftliner for å få straumen til stadene der han skal nyttast. Dei som bur på slike stader veit å verdsetje landskapet utan dei store framandelementa.

Vind er fornybar i den forstand at det kjem meir vind – han blir ikkje brukt opp, men mengda kan ikkje regulerast. Landskapet som blir brukt til produksjonen er ikkje fornybart, sjølv om ein del kan bli som før viss møllene blir fjerna.

Vi kan starte på landskapet. Som det blei sagt ved opninga av Smøla 2: Statleg økonomisk hjelp er ein føresetnad og det er ein fordel om det bles også. Skal det vere vind, vil møllene syne. Spørsmålet er dermed av ein annan karakter:

– Vil møllene syne som ein del av kulturlandskapet, eller vil dei bli forstyrrande element i naturlandskapet?

Ein tur gjennom Skåne viser skilnaden: Der kan det stå ei mølle eller to ved gardsbruka. Ein meir moderne sak enn dei gamle møllene frå Holland. Det ser ut til at det skal vere slik. Det er noko heilt anna enn det vi ser omsøkt t.d. på Haugshornet.

Skilnaden har med mange ting å gjere, mellom anna møllestorleik. Jo større møllene er jo vanskelegare blir dei å plassere i kulturlandskapet. Jo fleire vindmøllene blir, jo vanskelegare er dei å plassere i kulturlandskapet. I Noreg skal vi vere verdsmeistarar i slike ting som dette – det skal vere stort. Då blir slike ting så mykje vanskelegare.

Kystlandskapet er i seg sjølv ein norsk kvalitet som mange veit å setje pris på. I tidlegare tider var store område i bruk til beite. Litt etter kvart har fastbuande folk flytta innover i landet, medan sommargjestene i ytre strøk har blitt fleire. Resultatet er at kystlandskapet er i endring. Det blir mindre beita, samstundes som perlene merker auka press. Midt oppi dette kjem så vindmøllene. Kor mykje areal har vi av dei forskjellige kystlandskapstypene? Kor mykje er det av dette som står i fare for å endre karakter? Eg har ikkje svara, men ser at viss vindmøllene slepp laus, så er det ikkje så mykje att. Areal optimale for vindkraftproduksjon har visse felles trekk som naturtype, og desse areala kan det bli knapt om på kort tid.

Plassering av vindmøller vil anten vere som einskildmøller i eit kulturlandskap, eller som akseptert inngrep i naturlandskapet.

Einskildmøller i kulturlandskap tyder mindre mølletyper som blir plassert som ein del av bygningane på garden. Akkurat som det har vore ein del av landskapsbiletet med uteløer på teiger i litt avstand frå garden, vil vindmøller kunne inngå som eit kulturelement i dyrkamarka. Dei biologiske verdiane er i slike høve langt på veg borte etter einsretta dyrking av kulturartar. Fuglelivet kan også ofte vere einsretta på slike stader. Infrastrukturen er ofte på plass i form av vegar som jordbruket treng likevel. Dei må rett nok rustast opp. I andre høve kan det vere industriområde av ein storleik som gjer at det er plass til ei vindmølle eller to. Men denne typen møller er ikkje lønsame, så vi må berre gløyme dei.

Tar vi utgangspunkt i det som kan vere lønsemd i, så blir det store vindmøllesamlingar. Parkar kallar nokon dette – det er vel like misvisande som at fossilgass blir kalla naturgass. Desse store vindmøllesamlingane krev store areal, og mølletypen er av typen ekstra stor, så dei syner over store avstandar. Dei produserer mykje straum, så kraftlinene blir også av stor type. Det er nyttelaust å gøyme dette vekk i våre kulturlandskap. Difor hamner desse parkane ute i naturlandskapet. Dei blir plasserte der det er stor plass, og kvar er det? Sjølvsagt er det der det bles mykje og få personar har lyst til å bu. Sidan det er få menneske der, så er det dess fleire fuglar der. Difor blir dette aldri snakk om miljøvennlege utbyggingar. I beste fall er det tale om akseptert utbygging fordi skaden er til å leve med, og alternativa er verre.

No har eg tenkt meg inn i eit farleg farvatn, men det er ikkje råd utan. For få veker sidan leverte Naturvernforbundet ei fråsegn til vindmølleanlegget som er omsøkt i Haram. Tidlegare versjon hadde møller på Flemsøya som vi meinte var umogleg å godta. Talet på vindmøller på Haramsøya var også for høgt, både av biologiske og landskapsmessige omsyn.

I dei reviderte planane er det laga fleire alternativ. Eit der det framleis er møller på Flemsøya, men ein annan stad. Eit der det berre er møller på Haramsøya, men fleire. Litt ulike variantar. Det som var felles for dei alle er at dei skal ha ein installert effekt på kring 64 MW. I dette høvet er det ikkje storleiken på landskapet, men produksjonen som er avgjerande. Viss landskapet ikkje har plass til 64 MW, spelar ikkje det noka rolle for utbyggar. Viss Haramsøya fekk ein mindre installasjon så ein kunne trekke møllene inn frå platåkanten, ville inngrepa i landskap bli noko betre, og det er mykje mogleg at fuglelivet kunne ha vore mykje meir skjerma for ulempene. Det er mogleg vi då kunne ha kome til det punktet at det var aksept for utbygginga fordi ulempene var til å leve med og alternativa ikkje var noko betre.

Men det er ein utenkeleg tanke å bygge ut berre 50 MW å la resten av kapasiteten i kablane vere tilgjengeleg for bølgekraftverk seinare. Her som elles er det slik at prosjekta er mest lønsame om naturen tar ein stor del av rekninga.

Utbyggingsinteressene seier miljørørsla er sta og alltid seier nei. Utbyggingsinteressene har til no konsekvent sagt nei til å få ei samla vurdering av kva areal som ikkje bør brukast til vindmøller. Dei har i staden nærast konsekvent funne fram til område med store naturverdiar eller kulturverdiar og tar som ein nærast sjølvsagt ting at slike verdiar må vike.

Det er sanneleg bra at slike utbyggingsinteresser får møte nokon som har evne til å seie frå. Men det er uforståeleg at det blir framstilt som om det er miljørørsla som er sta og seier nei.

5. Skal vi skru av lyset?

Møre og Romsdal har dugelege politikarar når det gjeld å få til industri. Men dei er nærast udugelege når det gjeld å finne fram til bærekraftige løysingar. Dei har rett og slett oversett nokre naturlover og økonomiske lover.

– Det går ikkje an å selje straumen før vi veit om han finst.

– Det blir ikkje produsert meir straum om det ikkje er lønsamt.

– Industri har lita vilje til å betale høg straumpris. Storbrukar Hydro betaler i underkant av 20 øre pr. kWh og flytter om dei ikkje kan halde fram med det.

– Dei miljøvennlege alternativa er dyre samanlikna med dei andre alternativa, men det er fordi vi ikkje betalar noka rekning for bruk av avgrensa ressursar.

Vi kan konkludere med at det ikkje blir produsert meir straum i Møre og Romsdal utan tilrettelegging og tilskot frå det offentlege. Då er det mest eit spørsmål om korleis slik tilrettelegging og tilskot skal kome.

Til no er det Statnett som har lagt premissane for kva løysingar som finst. Når moglege løysingar er basert på anten å bygge nye liner eller bygge meir kraftproduksjon eller båe deler, så har dei avgrensa seg sjølv frå dei beste løysingane.

Sluttbrukartiltak har nokre interessante verknader:

– redusert straumbruk hos abonnenten krev mindre total produksjon.

– redusert straumbruk krev mindre overføringsliner.

– redusert straumbruk til oppvarming har verknad på dei tidspunkta situasjonen er vanskelegast.

– sluttbrukartiltak krev ikkje konsesjon.

– sluttbrukartiltak har få negative miljøkonsekvensar.

– sluttbrukartiltak treng ikkje lang byggetid.

Kva verkemiddel finst for å auke sluttbrukartiltaka?

– stimulans i tariffane (bonus for ikkje å bruke straum til oppvarming, duppedittar for å regulere maks effekt)

– varmekablar i fortau og elektrisk oppvarming av badestampar osb. bør koste mykje pengar

– bygningskrav til isolasjon

– tilskot til enøktiltak som varmepumper, pelletskaminar og reintbrennande vedomnar.

Her er det tale om vilje til å gjere nokre vedtak. Budsjettmessig er det venteleg berre tale om omfordeling. Det er vel det som blei kalla grønt avgiftsystem ein gong i tida.

I Noreg bruker vi 30 TWh straum til oppvarming. Med tiltak bør vi klare å dekke opp i alle fall det halve av dette med noko anna innan få år, og då har vi vel snart den krafta vi treng. I alle fall om vi bestemmer oss for at auke av forbruk skal vi slutte med.

På Naturvernforbundet sitt årsmøte 20. mars skal vi fortelje nærare om at det ikkje trengst fleire kraftliner til Møre og Romsdal og heller ikkje noko gasskraftverk. Vi treng vel heller ikkje særleg mange vindmøller. Det kan halde hardt å rekke dette til 2007, men det bør vere råd å få det til før alternative løysingar kan vere klare.

Vi må berre seie:

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal er dessverre ein nødvendig aktør innan energiutviklinga viss Møre og Romsdal skal halde labbane vekk frå det som tilhøyrer framtida og våre medmenneske.

Følg med på www.naturvern.no/moreromsdal

Meld deg gjerne inn i Naturvernforbundet.

  Vindmøller i hytt og pine?

  Møre og Romsdal treng ein samla plan for vindkraft!

  Ja, dette er ein viktig sak. Eg vil bli medlem

  Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør med vindkraft

  Norges Naturvernforbunds syn på vindkraft

Samandrag:

Kan vindkraft og naturvern gå ihop?

v/Øystein Folden, leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal:

1. Vi må begynne med hovudspørsmålet: Har vi bruk for meir straum?

Svaret er nei, men det er det berre nokre få som veit. Dei fleste trur vi har bruk for meir straum. Kvar finst så denne straumen?

2. Jakta på energikjeldene

3. Betaling for avgrensa ressursar

4. Vindkrafta

5. Skal vi skru av lyset?

Møre og Romsdal har dugelege politikarar når det gjeld å få til industri. Men dei er nærast udugelege når det gjeld å finne fram til bærekraftige løysingar. Dei har rett og slett oversett nokre naturlover og økonomiske lover.

– Det går ikkje an å selje straumen før vi veit om han finst.

– Det blir ikkje produsert meir straum om det ikkje er lønsamt.

– Industri har lita vilje til å betale høg straumpris. Storbrukar Hydro betaler i underkant av 20 øre pr. kWh og flytter om dei ikkje kan halde fram med det.

– Dei miljøvennlege alternativa er dyre samanlikna med dei andre alternativa, men det er fordi vi ikkje betalar noka rekning for bruk av avgrensa ressursar.

Det blir ikkje produsert meir straum i fylket utan tilrettelegging og tilskot frå det offentlege.

Sluttbrukartiltak har nokre interessante verknader:

– redusert straumbruk hos abonnenten krev mindre total produksjon.

– redusert straumbruk krev mindre overføringsliner.

– redusert straumbruk til oppvarming har verknad på dei tidspunkta situasjonen er vanskelegast.

– sluttbrukartiltak krev ikkje konsesjon.

– sluttbrukartiltak har få negative miljøkonsekvensar.

– sluttbrukartiltak treng ikkje lang byggetid.

Kva verkemiddel finst for å auke sluttbrukartiltaka?

– stimulans i tariffane (bonus for ikkje å bruke straum til oppvarming, duppedittar for å regulere maks effekt)

– varmekablar i fortau og elektrisk oppvarming av badestampar osb. bør koste mykje pengar

– bygningskrav til isolasjon

– tilskot til enøktiltak som varmepumper, pelletskaminar og reintbrennande vedomnar.

Vi må berre seie:

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal er dessverre ein nødvendig aktør innan energiutviklinga viss Møre og Romsdal skal halde labbane vekk frå det som tilhøyrer framtida og våre medmenneske.

Følg med på www.naturvern.no/moreromsdal

Meld deg gjerne inn i Naturvernforbundet.