Kjempespringfrø – kan den fjernast?
Først må ein vite kvar planta er. Deretter må ein unngå at planta blir spreidd endå meir. Så kan ein prøve å gjere ende på planta.

Under Tingvollmartnaen fekk Naturvernforbundet tips om eit par førekomstar av kjempespringfrø i Torjulvågen. Den 12. oktober var folk ute for å kartlegge nærare. Deretter blei det laga eit lite notat om kva som blei funne.
Det var ikkje berre førekomsten som blei tipsa der planta fanst, men ganske mykje i kanten av eng og ned mot vassdrag. Det er fleire som er med på å spreie planta, men dei som køyrer landbruksmaskinar har nok den største oppgåva når det gjeld å ikkje spreie planta. Landbrukskontoret fekk difor ei spesiell utfordring.
Notatet kan du lese her: