Kjenner du framandartane?

Naturvernforbundet har vald ut 9 framandartar det er ein del av i Møre og Romsdal. Lær deg å kjenne dei att.

Frå venstre øvst:

Blankmispel på biletet. Sprikemispel, dielsmispel og bulkemispel er andre risikoartar i same slekt. Spreier seg med fugl.

Hagelupin liknar sandlupin som også er risikoart. Frøa er spiredyktige etter tiårsvis i jorda.

Kjempespringfrø har frøkapslar som eksploderer og spreier frøa meir enn 5 meter frå morplanta.

Raudhyll blir ofte spreidd av fugl til skogsmark og skrotemark.

Skogskjegg har hannkjønn- og hokjønnplanter. Viss han spreier seg, så kan skogbotnen bli dekt.

Rynkerose spreiar seg ved at nyper flyter på sjøen eller blir spreidd med fugl, og ved rotutløparar.

Parkslirekne er ganske lik kjempeslirekne og hybridslirekne. Alle spreiar seg med plantedelar.

Spansk kjørvel liknar hundekjeks, men er kraftig håra, har mykje større frøkapsel og lukter anis.

Gravbergknapp lager matter på skrinn mark og stein.

Finn du ikkje ut kva du har funne? Prøv artsorakelet. Eller putt planta i ein tett pose og spør kommunen. Får du hjelp i kommunen, sei gjerne frå til dei og avisa at du har fått god hjelp. Går det dårleg, kontakt Naturvernforbundet.

Når du har funne ut kva du har, så sjekk på nettet korleis du kan bli kvitt dei.

Foto: Øystein Folden