Klage på bruk av helikopter i naturen i Ørsta
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal klagar på landingsløyve for helikopterflyging i Ørsta.
Ørsta kommune har gitt løyve til bruk av helikopterflyging og landing på fjelltoppar i samband med reklamefilming. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal meiner dei vurderingane Ørsta kommune har gjort i denne saken ikkje er tilfredsstillande i høve krava i naturmangfoldloven.
Naturvernforbundet ber om utsett iverksetting av vedtaket.