Klage på jervkvote
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag har levert klage på kvota til jervjakta til vinteren. Nemnda si kvote er ein del høgare ein tilveksten, og det er ugreitt når bestanden ligg tett på bestandsmålet.
![](https://naturvernforbundet.no/content/uploads/sites/14/2012/03/C3B8ystein20folden20portrett.JPG2028articledisplay29.jpg)
Det største problemet er likevel at den sørvestlege delen av jervstammen lir av at ein i ein del år ikkje har nådd ynglemålet. I Møre og Romsdal har ein vore på 1/3 av målet dei siste fem åra. Sjølv om ein kanskje når ynglemålet i 2016, trur ikkje Naturvernforbundet at bestanden har auka frå 6 til 19 dyr i løpet av det siste året. I området der den sørvestlege jervbestanden held til har ein også påvist restar av det som må vere den opphavlege norske jervbestanden. Den har samfunnet ei plikt til å ta vare på. Då må ein vere noko meir varsam med kvotene enn det som nemnda vedtok.
Sør-Trøndelag har i 2016 nådd ynglemålet. I mesteparten av Sør-Trøndelag er bestanden ganske tynn og dette gir ikkje grunnlag for noko stor kvote. I Nord-Trøndelag er ynglemålet nådd, men eit hiuttak gjer at ein alt har felt noko av tilveksten. Det er som følgje av nyare historikk i Nord-Trøndelag at ein kan ha kvoter med nokon storleik, sidan det oftast kjem nokre dyr over frå Sverige.
Naturvernforbundet ber i klaga om at det blir praktisert tispekvote også utanfor område med mål om yngling. Det er ikkje fleire tisper i Midt-Noreg enn at det spelar lita rolle om tispa blir felt i område med mål om yngling, eller utanfor.
Talsperson for Naturvernforbundet i denne saka: Øystein Folden, fylkesleiar i Møre og Romsdal, tlf. 91812542