Klage på reguleringsendring – Øran Vest på Åndalsnes
Naturvernforbundet (Lokallaget i Rauma og fylkeslaget) har i dag sendt klage til Rauma kommune på vedtaket om endringa av reguleringsplan for Øran vest.
Eit stort grøntområde nær byen med spesielle kvalitetar både når det gjeld variasjon og tilkomst er så verdifullt at kommunen må bruke andre område til industri. Området let seg relativt lett legge til rette også for rørslehemma og skjøtsel av skogen vil gje nytt utsyn i alle retningar. Her kan barn utfalde seg, ungdomar ha sine aktivitetar og vaksne gå seg ein tur for å slappe seg av eller trene.
Forfattar Alexander Kielland som døydde i 1906 var på Kammen då han sa sine 3 ord: «Åndalsnes og Paris». Miljøagentane var der sist vår då dei laga fuglekasser. Rauma kommune har i denne saka vendt ryggen til meir enn hundre år historie knytt til Kammen som friområde med sitt vedtak om å bygge vekk utsynet mellom Kammen og Romsdalen og i staden gjere Kammen til «bakgård». Kommunen har tidlegare i år fått ei løyving på kr 200 000 frå Direktoratet for naturforvaltning (DN) for at kommunen kan gjere ein god start på universell utforming (tilrettelegging for felles bruk mellom rørslehemma og andre) av strekninga mellom Åndalsnes og Bjorli. At kommunen med reguleringsvedtaket legg opp til at den visuelle kontakten mellom Kammen og Romsdalen blir borte bak ein vegg er vel lite truleg i samsvar med DN sitt ønskje.
Ein kvar by ville vere stolte av å ha eit område som Kammen. Verdas beste kommune for naturglade menneske har endå meir ei stor oppgåve i å passe på slike område, så også dei som ikkje klatrar i høge fjell har ein stad dei kan bruke.
Ønskjer du nærare opplysningar kontakt:Gunn N. Morstøl, tlf 93 26 43 41Øystein Folden, tlf 91 81 25 42Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen
Søknad til Direktoratet for naturforvaltning om tilrettelegging