Klage på vedtak om konsesjon for 420 kV kraftlinje Viklandet – Istad

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har klaga på nærføring til naturreservat og verna vassdrag i Nesset og Molde.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Storgata 50

6413 MOLDE

4. juli 2004

Norges vassdrags- og energidirektorat

Postboks 5091 Majorstua

0301 Oslo

PLANLAGT 420 KV KRAFTLLINE VIKLANDET ? ISTAD I MØRE OG ROMSDAL: NATURVERNFORBUNDET KLAGAR PÅ VEDTAK OM ANLEGGSKONSESJON

Klagen

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gitt anleggskonsesjon i medhald av energilova, ref. NVE 200104077-244, til å byggje og drive ei 420 kV kraftleidning mellom Viklandet transformatorstasjon i Sunndal kommune og samankoplingspunkt ved Istad i Molde kommune.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal kan ikkje godta dei inngrepa Statnett legg opp til mellom Tjelle og Istad. Dette gjeld særleg inngrepet i Barsteintjernet naturreservat og kryssinga av den varig verna Oselva. Slik Naturvernforbundet ser det, har naturverdiane i dette området blitt taparane i saksbehandlinga til NVE. Vi klagar difor på dette vedtaket.

Grunngjevinga

Det å gjøre inngrep i eit naturreservat er i utgangspunktet noko som ikkje skal skje. Her finst nasjonale verneverdiar som storsamfunnet etter ei avveiing har vald ut. Naturvernforbundet er overraska over at Statnett SF som statsforetak har høve til å foreslå denne typen inngrep, og vi er ikkje nøgd med at NVE aksepterer dette utan vidare.

Naturvernforbundet har i vår uttale til prosjektet vore inne på at det i denne konkrete saka kan vere mogleg å finne ikkje-verna område med like høg verneverdi, og deretter inkludere desse i naturreservatet, slik at dei totale verneverdiane blir like store etter eit eventuelt inngrep. Dette er eit svært vanskeleg spørsmål. NVE drøftar ikkje saka i det heile, dette er ikkje akseptabelt.

Naturvernforbundet har arbeida med å ta vare på vassdrag sidan organisasjonen vart starta i 1914. Det er viktig å unngå at vassdrag som er verna mot kraftutbygging blir utsett for andre inngrep som øydelegg dei same verneverdiane. Forslaget til kryssing av Oselva som NVE legg opp til, er eit forslag som vil gi eit nytt stort inngrep i eit vassdrag som er verna. Naturvernforbundet er ikkje nøgd med dei vurderingane NVE har gjort av desse konfliktane.

For strekninga Tjelle til samankoplingspunkt vest for Istad ønskjer Naturvernforbundet i Møre og Romsdal at det alternativet Fylkesmannen i Møre og Romsdal gjorde framlegg om 18. februar 2003 må utgreiast fullt ut, og veljast viss det ikkje kjem fram negative moment som tilseier ei ny vurdering opp mot dei utgreidde alternativa. Framlegget frå Fylkesmannen har fleire gode element, ma. samling av inngrep og flytting av ei uheldig eksisterande line, som gjør at det er verd å sjå nærare på.

NVE seier i nemnte dokument: ?Fylkesmannens forslag reduserer mye av ulempene for beboere i Gussiåsen ved at ledningen legges bak det meste av bebyggelsen. NVE mener imidlertid at fordelene ikke oppveier merkostnadene på i størrelsesorden 10 millioner kroner.?

Naturvernforbundet vil nemne desse fordelane:

  1. Lineføring over det verna vassdraget Oselva blir samla på ein stad, saman med andre inngrep.
  2. Dispensasjon for å gå gjennom eit naturreservat er unødvendig.
  3. Det vil gå med noko mindre med skogsmark.
  4. Nærføringsproblematikken blir ein heil del mindre, særleg ved at noverande 132 kV-line blir kabla eller flytta.
  5. Ein av dei beste fiskehølene i Oselva får ligge i fred.
  6. Kulturminner (side 30 i konsekvensutgreiinga) og Osen jernverk får ligge heilt i fred for kraftlinepåverknad.
  7. Landskapsverdiar/friluftsliv vil vere i behald ved Gammelsetervatnet og Osvatnet (side 36 i konsekvensutgreiinga).
  8. For tema naturmiljø slepp ein fleire stader med kollisjonsfare for raudlisteførte fugleartar, innverknad på våtmarksområde og flommarksskog mv. (side 41 i konsekvensutgreiinga).

NVE og Statnett meiner Fylkesmannen sitt forslag vil koste 10 millionar meir enn den løysinga som NVE rår til. Til samanlikning har Statnett den oppfatninga at heile utbygginga vil koste om lag 225 – 260 mill kr. Vi vil ikkje gå god for desse tala, men det er i denne samanhengen interessant at NVE vurderer ein ekstrakostnad på under 5 % er uakseptabel, medan Statnett sjølve opererer med ei nøyaktigheit på +/- 20 % i sine anslag. Er vurderinga NVE gjør her basert på at saka er så godt opplyst som råd, jf. forvaltningsloven § 17?

Klagaren

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal er eit fylkeslag av Norges Naturvernforbund. Naturvernforbundet er den eldste og største naturvernorganisasjonen i Noreg. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har sju lokallag i fylket, mellom anna i Nesset og Sunndal, og noko over 500 medlemmer. Fylkeslaget arbeider med å ta vare på naturtypane i fylket og å unngå forureining. Fylkeslaget arbeider òg for å få rydda opp i gamle miljøsyndar, og for å gje folk i fylket høve til å leve på ein måte som er betre for miljøet.

Det er ikkje omtvista at Naturvernforbundet har rettsleg klageinteresse i denne typen sakar, uavhengig av tidlegare aktivitet. I denne saka har Naturvernforbundet dessutan vore svært aktiv. Vi har vore med på fleire folkemøte og gitt uttale i saka då ho var på høyring.

Andre delar av traséen Viklandet – Istad

Naturvernforbundet er kjent med at Nesset kommune har vedtatt å klage på konsesjonsvedtaket, basert på at kommunen ønskjer alternativ 3.0 frå Brandhol til Istad. Naturvernforbundet ser på dette alternativet som ei mykje verre løysing for naturen enn det alternativet som har fått konsesjon. Ved behandlinga av klagen frå Nesset kommune bør difor kabling av liner med lågare spenningsnivå forbi Brandhol veljast som avbøtande tiltak, heller enn at alternativ 3.0 blir aktuelt.

Naturvernforbundet ville elles sett kabling frå Eresfjord til Trollmyra som eit alternativ for å unngå problem knytt til Meisalvatnet, Brandhol og i lia forbi Rød. Vi er kritiske til at NVE ikkje nemner sjøkabel i det heile i si vurdering; det er berre konsekvenser knytt til jordkabling som er drøfta i NVE si grunngjeving.

Med helsing

Øystein Folden

leiar

Kopi:

Statnett SF

Olje- og energidepartementet, Postboks 8148 Dep, 0033 Oslo

Miljøverndepartementet, Postboks 8013 Dep, 0030 OSLO

Møre og Romsdal fylke

Molde kommune

Nesset kommune

Gjemnes kommune

Sunndal kommune

Naturvernforbundet i Nesset

Naturvernforbundet i Sunndal