Klesbyttedag og fiksarlaug

Når kleda ikkje passer lenger, men er både fine og brukbare, kva gjer ein då? Kleproduksjon er ikkje særleg bra for klima, så det er om å gjere at klede blir bruka tida si ut. Difor blir det no høve til å bytte klede.

Laurdag 26. mars 2022 blir det klesbyttedag og fiksarlaug i Tingvoll. Det skjer i Tingvoll Økopark. 

Klesbyttedagen

Dei som vil kan ha med inntil 7 plagg som dei kan tenkje seg å byte bort. Dei må vere i brukbar stand og ein må anta at andre kan vere interessert i dei.

Når ein kjem til arrangementet leverer ein inn plagga og får tilsvarande tal bongar (1 bong for kvart plagg).

Så kan ein sjå på det som andre har levert inn. Vil ein ha noko av dette, så betalar ein med tilsvarande tal bongar.

Viss ein ikkje bruker alle bongane sjølv, kan ein legge dei som er til overs i ei skål, slik at dei som ikkje har noko å levere inn også kan få ein sjanse.

Fiksarlauget

Dette er staden der ein kan få litt hjelp til å gjere småreparasjonar av klede.

Kan hende blir det tilbod om hjelp til å reparere symaskinar også.

 

Førebels plan for dagen:

Laurdag 26.3. (Klokkeslett kan bli endra)

Opnar for innlevering av plagg kl. 11.00

Fiksarlauget opnar kl. 11.00

Kafeen opnar kl. 11.00

Byttedagen opnar kl. 12.00

Vi stenger dørene kl. 15.00

Arrangementet er eit samarbeid mellom Naturvernforbundet i Tingvoll og Tingvoll husflidslag.