Klesbyttedag og fikselaug

Det er mange gode grunnar til å bytte klede i staden for at dei heng ubrukte eller blir kasta. Det blir klesbyttedag og fiskelaug også i Sunndal, 26. mars. Sunndal husflidslag og Naturvernforbundet inviterer.

Klesforbruket vårt står for 8 prosent av verdas klimagassutslepp, og moteindustrien produserer 20 prosent av verdas avfallsvatn, ifølge FN-rapportar. Dette må vi gjere noko med, og det skal ikkje så mykje til. Difor arrangerer vi klesbyttedag og fikselaug!

Finn fram inntil sju reine, heile og fine plagg som ikkje blir brukt lenger, og ta det med til Støgu på Sunndal kulturhus på den store klesbyttedagen! Du kan ta med like mange plagg heim som du leverer inn. I lokalet sorterer vi plagg i kategoriane dame, herre, barn og etter type plagg. Klede leverast helst kvelden før (tidspunkt kjem seinare) eller frå kl. 10-11 rett før arrangementet startar, men det er òg lov å levere klede etter at arrangementet har starta.

 

På møterommet Nuten vil det sitte folk frå Sunndal husflidslag som kan rettleie deg om du ønskjer å reparere eller sy om plagg. Dette gjeld både klede du byter til deg og andre klede du måtte ha liggande heime. Ta med favorittlabbane som må stoppast på hælen, buksa med hol i kneet eller kjolen som er for vid eller sid. Vi vil hjelpe deg til å få fiksa plagga slik at dei kan få eit lengre liv.