Klesbyttedagen – Tingvoll

Har du gode klede du ikkje bruker lenger, eller kan tenkje deg brukte klede i staden for heilt nye?

Laurdag 27. april 2024 er det klesbyttedag i Tingvoll. Tingvoll bedehus er staden. Klede kan leverast inn frå kl. 11.00. Klokka 12.00 – 14.00 kan du leite etter brukte skattar.

Systemet er enkelt: Du leverer klede inn (Frå kl. 11) og får byttelappar tilbake. Når klokka er 12 så slepp vi «kundane» inn. Då finn du deg klede du vil skal bli med heim til deg og betalar med byttelappar.

Viss nokon har tomt klesskap frå før, har brukt opp alt, så fortener dei ein premie. Då kan ein få byttelappar om ein ikkje har noko å bytte med.

På klesbyttedagen har bedehuset kafe på bedehuset, og Husflidslaget har fikserlaug på Nordmøre symaskinsenter.