Klima, energi og klimatilpassing – Lukke til

Ørsta kommune vil lage seg ein ny kommunedelplan for klima, energi og klimatilpassing. Dei får gode råd frå Naturvernforbundet.

Ørsta kommune har ein slik plan frå før. Der finst det framleis mål som ikkje er nådd. Det kan vere ein ide å finne ut litt kvifor, så har ein betre sjanse for å lukkast med den nye.

Naturvernforbundet rår vidare til at eventuell usemje om strategiar med fordel kan avklarast alt no, så ein ikkje møter dette når ting skal gjennomførast.

Mål som er konkrete er ofte ein føresetnad for å kunne nå dei.

Skogen blir også nemnt. Ein del av den kan vernast, for det har verda vedtatt i Montreal. Det er dessutan bra for vern mot flaum og gamalskogen er god for karbonlagringa.

Heile fråsegna kan du lese her: