Klima og folkehelse

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Dei menneskeskapte klimaendringane er det største folkehelseproblemet i verda i dag. Dette var også tema for artiklar i to av dei mest prestisjetunge medisinske fagtidsskrifta, British Medical Journal og The Lancet, nyleg.

Det er nær total semje i forskingsmiljøet om at menneskeskapte utslepp av klimagassar endrar klimaet på jorda. Klimaendringane kan ha innverknad på helsa vår på fleire måtar, også her i det rike Europa. Varmebølgja i august 2003 førte til over 35 000 dødsfall i Europa. Det blir 5 – 10 % fleire som får salmonella for kvar grad gjennomsnittstemperaturen aukar om sommaren. Flaum fører til dødsfall, skadar og sjukdommar, det er fare for at vi vil få fem gangar så mange flaumar i framtida. Sjukdom frå flåttbitt kan bli vanlegare og ei auke i vekstsesongen har gjort at allergikarane no har fått snart to veker lenger med plagar enn i 1975.

Artiklane i fagtidsskrifta kan vere dyster lesing, og det er ikkje sikkert frykt er det som motiverer politikarar og oss andre til å endre på måten vi lever på og avgjerdene vi tar. Det er likevel liten tvil om at informasjonen må ut. Det er framleis slik at vi tar alt for mange val om framtida utan å ta konsekvensane på alvor. Det vi har gjort og gjer fører til at klimaet faktisk endrar seg allereie. Utsleppet av klimagassar må gå drastisk ned om vi ikkje skal få enorme problem på grunn av klimaet.

Nokre håper dei teikna dei ser er feil, andre lar det berre stå til. Naturvernforbundet tykkjer dette er såpass alvorleg at vi meiner det er viktig å engasjere oss i korleis vi kan redusere energibruken, flyreiser og biltrafikk. Det er kanskje ikkje alltid morosamt, men i det minste sunnare både for oss og dei som kjem etter oss.
 

Øystein Folden, leiar
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar