Klima utan miljø å ha det i?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Oddbjørn Wærås skriv i eit lesarinnlegg at det vil vere dumt å spare verna natur viss klimaet går av skaftet. Eit interessant synspunkt som han tydelegvis ønskjer å bruke for at Romsdalen skal nyttast til kraftproduksjon utan tanke på noko anna.

Sjølv om Wærås sikter til Verma kraftverk, vil argumentasjonen høve like godt på det store prosjektet: Sprenge Mannen kontrollert ned og så berge verda med straum frå det store magasinet der Romsdalen ein gong var.

Eg er sanneleg ikkje heilt sikker på om verda kjem i mål slik at vi kan ha eit klima i framtida som gir livsrom der folk bur i dag. Men viss vi skulle greie det, då vil eg tykkje det var fint om vi framleis har natur igjen som vi kan ha dette klimaet i. Skulle vi ikkje klare det, vil eg medan skuta går ned nyte det ein natur med rom for biologisk mangfold kan gje meg. Så har eg i alle fall noko eg kan glede meg over.

Naturvernforbundet trur det vil vere råd å berge både klimaet og naturen. Men då kan vi ikkje halde fram med å gjere alt på den måten vi har lagt oss til dei seinare åra. Det let seg ikkje i lengda gjere å produsere oss ut av alle kniper. Vi har alt lagt 7 av dei 10 høgaste fossane våre i røyr, og 70% av vassdraga våre er alt regulerte til produksjon av straum. Meir blir det også, bølgja med småkraftverk er framleis over oss. Det finst andre løysingar, og desse må vi bruke.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen