Klimaendringar og jukseforsking

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Sigbjørn Lyngstad har ei rekke påstandar om klimaendringar og klimaforskarar i Nytt i uka 16. august 2006. Det vil føre for langt å gå inn på alt han skriv, men to tilhøve kan vere greie å klare opp i.

For det første meiner Lyngstad at dei fleire tusen klimaforskarane som står bak konklusjonane til IPCC, det globale panelet FN har oppretta for å få råd om klimaendringar og effektar av desse, berre er ute etter å mele si eiga kake. Lyngstad meiner dei har dikta opp forsking om menneskeskapte klimaendringar for å tene pengar. For å dokumentere dette har Lyngstad klart å grave opp henvisningar til nokre forskarar som uttaler seg til amerikanske høgreekstreme nettsider. No har det vist seg at nett desse forskarane har oppdrag for kol- og oljeindustrien som dei har ”gløymt” å nemne. Kven er det som er ute etter å mele si eiga kake? Du er i dårleg selskap, Lyngstad.

For det andre meiner Lyngstad at George W. Bush fortener gratulasjonar når han og USA ikkje vil vere med på Kyotoavtala, den avtala verda har klart å få til for å redusere klimagassutsleppa. Som naturvernar er eg sjølvsagt ikkje samd i den politikken Bush her fører. Det er likevel viktig å ha med seg at George W. Bush (i motsetning til Lyngstad) er usamd i at dei menneskeskapte klimaendringane er ei stor og viktig utfordring for USA og verdssamfunnet. Bush har berre vore kritisk til konsekvensane av Kyotoavtala for amerikansk industri, og går i staden inn for at USA skal redusere verknadene på klimaet gjennom andre tiltak. USA har difor teke initiativ til “Asia-Pacific Partnership on Clean Development and Climate” (AP6), ei avtale Bush har lovprist for nettopp å handtere problema med dei menneskeskapte klimaendringane.

Naturvernforbundet meiner både Kyotoavtala og AP6 er utilstrekkelege, og at vi må arbeide for å redusere utsleppa av klimagassane langt meir enn desse avtalene legg opp til. Det hindrar ikkje at vi meiner internasjonalt samarbeid om å gjøre noko med klimagassutsleppa er bra.

Lyngstad burde interessere seg litt meir for dei som blir råka av dei klimaendringane vår energibruk fører til. Dei som først og fremst blir råka er dei fattigaste i verda. Dette gjør spørsmålet om menneskeskapte klimaendringar til eit djupt etisk spørsmål, ikkje eit spørsmål om kva kol- og oljeindustrien kan koke i hop av propaganda.

Øystein Solevåg

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar

Innlegget til Sigbjørn Lyngstad i Nytt i uka 16. august 2006