Klimagassutsleppa held fram med å auke – fylkesordføraren er på ville vegar!

Statistisk Sentralbyrå (SSB) la i dag fram dei nye tala for klimagassutslepp. Desse viser at Noreg har store utfordringar i å oppfylle dei internasjonale pliktene vi har. Utsleppa i 2004 var 11 prosent høgare enn i 1990, altså 10 prosent høgare enn dei har høve til å vere i perioden 2008 – 2012.

– Utspela frå fylkesordførar Jon Aasen om bygging av gasskraftverk framstår som svært sneversynte i den store klimadebatten, seier leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, Øystein Folden, i ein kommentar til tala SSB legg fram. – Med dei store investeringane som blir lagde ned i utvinning av fossil energi med basis i vårt fylke, burde fylkesordføraren heller arbeide for å balansere dette med samstundes å arbeide for ein meir effektiv energibruk og auka bruk av fornybare energikjelder, meiner Folden.

Naturvernforbundet opplever Møre og Romsdal fylke som svært fokuserte på fossil energi, medan den lille satsinga som har vore på t.d. bioenergi har vore svært lågt prioritert, noko også Fylkesrevisjonen stadfesta i ein rapport i november i fjor. – Vi ønskjer oss ein fylkesordførar som kan løfte blikket og sjå ut over eigne fylkesgrenser og ut over den perioden han er vald for, seier Folden.

Leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal kan kontaktast på telefon 71 53 33 31 eller 91 81 25 42.

Tala frå SSB er lagt ut på http://www.ssb.no/klimagassn/