Klimapolitikken og Long Island

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Tingvoll.

Arbeiderpartiet sin Asmund Kristoffersen brukte ein stor del av tala si 1. mai til klimapolitikken. Det blei sagt mykje vettugt om kva som er hovudoppgåva framover.

Men så var det dette med å gjere kva ein seier. For rett etterpå presenterer Tingvoll Arbeiderparti sin ordførarkandidat nokre viktige saker dei vil arbeide for framover. Der blei Long Island presentert først. Då er det ein verkeleg kan undre seg.

Dei viktigaste bidraga til store klimagassutslepp er at vi køyrer mykje, at vi bygger mykje og bruker mykje. Det bærande elementet i Long Island er at det blir så stort og dyrt at berre dei som har god råd kan vere med på det. Det skal vere eksklusivt, så folk kjem langvegs frå for å vere på ”hytta”. Då kjem dei med fly. Sjølv om det er gjort nokre miljøval på detaljnivå, er dette prosjektet ei heil klimakatastrofe aleine.

Jobb nummer ein no er å redusere utsleppa av klimagass. Då er auke av klimagassutslepp feil veg å gå. Det er ikkje så usannsynleg at utbygging av Long Island vil føre til eit klimagassutslepp svarande til det som kjem frå privatbilane i Tingvoll. Så viss Long Island blir bygd og alle privatbilane i Tingvoll er borte, har vi kanskje oppnådd at klimagassutsleppa er som før. Var det ikkje slik at vi skulle redusere med 30% (og helst litt til) innan 2020?

Tingvoll Arbeiderparti bør snarast invitere Naturvernforbundet til eit styremøte for å gå gjennom desse sidene av saka. Om det er andre parti som har behov for det, så sei frå.

I tillegg er strandsonebruken i dette prosjektet ille, men det er jobb nr. 2.

Øystein Folden

Naturvernforbundet i Tingvoll Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen