Klimaskogkonferanse i Bodø – vil fylket ha med Naturvernforbundet?

Fylkeskommunane på Vestlandet og i Nordland inviterer til klimaskogkonferanse i Bodø 1. og 2. oktober. Naturvernforbundet utfordrar Møre og Romsdal til å invitere med Naturvernforbundet på konferansen.

Naturvernforbundet og Møre og Romsdal fylke hadde eit møte om skog 27. april 2009. Ein av konklusjonane vi kunne trekke frå møtet var at sjølv om tilhøvet i dag er prega av manglande tillit på begge sider, er det eit ønskje om å etablere nokre formelle eller uformelle møteplassar mellom skogforvaltningsmiljøet og naturvernorganisasjonane i fylket.

Ein slik møteplass ser no ut til å finnast. Møre og Romsdal fylke har lagt ut invitasjon til ein ”Klimaskogkonferanse” i Bodø 1. og 2. oktober. Naturvernforbundet har vore skeptisk til ein del av innhaldet i kystskogmeldinga, mellom anna det at meldinga har blitt utarbeidd utan deltaking frå naturvernsida. I oppfølginga vil vi tru det er ønskjeleg med noko meir dialog.

Som frivilleg organisasjon utan økonomisk støtte frå fylket har ikkje Naturvernforbundet i Møre og Romsdal høve til på eige initiativ å sende deltakarar på slike reiser.

Naturvernforbundet vil i staden nytte høvet til å be om å få delta kostnadsfritt i den delegasjonen frå Møre og Romsdal fylke som skal sendast til klimaskogkonferansen.

Øystein Folden er leiar av Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han kan kontaktast på telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Brev til Møre og Romsdal fylke