Koksvikelva i Tingvollvågen

8. april 2026 inviterer Naturvernforbundet til vandring. Kan vassdraget bli ei perle viss alle bidrar med sitt?

Øystein Folden
Øystein Folden

Alle snakkar om Koksvikelva til tider. Alle er truleg samde om at ting skulle ha vore betre. Der stoppar det.

Naturvernforbundet vil invitere til ein dugnad. Kva kan vi sjå langs elva som vi kan gjere noko med og som gjer at det kanskje blir betre?

Det vi ønskjer er at vanlege folk med vanlege auge blir med oss på vandring onsdag 8. april kl. 18.00. Vi startar i krysset Vågbøvegen/Tørrlennvegen og ender opp ved Koksvikstranda. På vegen vil vi gjere nokre avstikkarar ned mot vassdraget.

Når vi ser ting vi trur har noko å seie, så skriv vi det opp.

Viss nokon ser ein ting og tilbyr seg å gjere noko med det, så takkar vi og  noterer det opp.

Viss nokon kjem med meiningar om andre som bør gjere noko, så bryt vi av samtala.

Sjølvsagt vil vi seie noko om naturen som er langs elva – berre som ein ekstra godbit med helsing frå Naturvernforbundet.

Kva ønskjer vi å oppnå?

Viss folk flest blir betre kjent med eit vassdrag, slike vi har fleire av rundt om i kommunen, så trur vi det er bra.

Viss nokon blir glade i slike små vassdrag, så trur vi det er godt både for folk og natur.

Viss kunnskap om vassdragsnatur gjer at vi tar betre vare på slik natur, vil naturen bli glad.