Kollektiv ansvarsfråskriving?

Lesarbrev frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Det er berre nokre få månader sidan valet. Då var det frå tid til annan nokon som tala om klimaproblem som måtte løysast. Det blei vel ikkje tala varmt, men i alle fall lunkent om kollektivløysingar som buss og jarnbane. Sidan då har det vore eit møte i København, dit mange flaug og tala lunkent om dei utfordringane vi har, og varmt om kor vanskeleg det er å gjere noko med det.

Men lokalpolitikarane er ikkje det grann betre. I Sula og Ålesund er det dei som på ramme alvor vil ha folk til å slutte å bruke båten over sundet og heller køyre bil i tunnel under fjorden.

Eiksundsambandet vil bli nedbetalt lenge før tida som følge av mykje større trafikk enn venta, og det er flott blir det sagt. Korleis det går med trafikken den dagen det ikkje skal betalast bompengar heller, ja sei det.

I Molde vil dei gjere det billegare å parkere bilen i sentrum slik at fleire kan bruke bilen dit.

Gjennom Tingvoll er det nokon som ønskjer at folk ikkje skal vite når bussane går, slik at dei heller bruker bilen.

Mellom Averøy og Kristiansund var det særdeles viktig at også busspassasjerar må betale bompengar gjennom den nye tunnelen, og busstilbodet hadde vore totalrasert om det ikkje var for at vanlege menneske reiste seg opp og dundra i bordet.

Ordføraren i Gjemnes gjer seg til talsmann for at bilane frå Bergsøya skal få køyre rimelegare til Batnfjordsøra på ei strekning der det går buss kvar time.

Fylket har gitt beskjed om at busstilbodet i fylket må slankast. Siste året auka dei prisane på bussbilletten to gongar også. Å oppretthalde tilbodet vil koste nokre millionar, og dei millionane blir nok heller brukte til å planlegge nye fjordkryssingar.

Til og med Sparebanken Møre legg ein million på bordet for å få auka trafikken i Haram. Fleire slike ferjeavløysingsprosjekt andre stader i fylket arbeidar med stort sett det same: å gjere det lettare å køyre fleire bilar.

Biltrafikken aukar, kommunane vedtar klimaplaner som seier at utsleppa skal ned og det einaste som skjer er at dei som gjerne vil bruke bussen får eit dårlegare tilbod enn før. Anten seier politikarane ein ting og gjer noko heilt anna, eller så er det ikkje dei som styrar. Ille er det i alle fall. Ved neste lokalval bør ein del politikarar få seg nytt arbeid, t.d. som bussjåførar. Så kan det hende vi skulle ha vald inn nokre bussjåførar i politikken i staden.

Det er mange menneske som ikkje køyrer bil sjølv og som treng eit busstilbod. I tillegg var det altså dette med klimaet. Skal vi gjere noko eller skal vi berre tala om det? Utfordringa kan i første omgang gå spesielt til samferdselsutvalet i fylket. Dei styrer med den sektoren som på landsbasis slepp ut kring ein fjerdedel av totalutsleppa. Samferdsel må slanke vekk ein god del meir enn halvparten av utsleppa sine om vi skal kome i mål.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen