Kommunedelplanen for nytt sjukehus med mange manglar

Sentrale naturvernomsyn er ikkje med i kommunedelplanen for nytt sjukehus i Molde. Naturvernforbundet slaktar utkastet.

I uttalen frå Naturvernforbundet er det ei lang liste med manglar. Kommunen har ikkje tatt med noko av den dokumentasjonen som finst om naturverdiar, barn og unge når dei har laga kommunedelplanen.

Naturvernforbundet meiner også det er naivt å argumentere for at golfområdet på Eikrem skal sjåast som ein del av park- og friluftsområdet til sjukehuset. Friluftsliv med fri ferdsel vil før eller seinare kome i konflikt med golfbanen.

Naturvernforbundet i Molde meiner forslaget frå Molde kommune til kommunedelplan for nytt sjukehus ber preg av tidspress. Det er for mange manglar i forhold til kor viktig saka er i forhold til byutvikling i Molde. Naturvernforbundet er også overraska over at vi ikkje har fått saka på høyring.

Leiar i Naturvernforbundet i Molde er Astrid Buset. Ho har telefon 48 27 67 98. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid

Uttalen frå Naturvernforbundet til Molde kommune