Kommuneplanar og småkraftverk

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har sendt brev til alle kommunane med spørsmål om å få ei samla prioritering av små kraftutbygging i fylket.

Vi har registrert ei stund at det blir søkt om og bygd ein del mikro- og minikraftverk for tida.

Vi har vidare registrert at det er få kommunar som har hatt ein gjennomgang av aktuelle vassdrag, for å sortere kva vassdrag som har verdiar som tilseier at dei skal ligge urørt, og kva vassdrag som truleg kan byggast ut. Vi ser at samfunnet har hatt ein slik gjennomgang av større vassdrag og at det er ein aksept for at ein del av dei større vassdraga ikkje skal byggast ut. Men vi kan no risikere at dei små vassdraga blir bygd ut i hopetal utan ein tilsvarande gjennomgang. Ein del av vassdraga representerer nærmiljø som er eigna til å gje born dei første opplevingane av variert natur og friluftsliv innan rekkevidde frå heimen. Ein del av vassdraga representerer botaniske rikområde, eller spesielt gode vilkår for dyreliv.

Vi ber derfor om å få opplyst om dykkar kommune har hatt ein slik gjennomgang av vassdraga i kommunen, og om det er utarbeidd retningsliner eller planverkty som kan styre utbygginga på ein god måte.

Dei kommunane som ikkje har gjort eit slikt arbeid utfordrar vi med dette til ein gjennomgang av vassdraga av denne storleiken med tanke på ei styring av framtidige utbyggingsprosjekt.

Vi vil elles be om varsemd med utbyggingar inntil ein slik gjennomgang er gjort, så ein i mellomtida ikkje bygger ned vassdrag som ein gjerne skulle ha urørte i framtida.

Norges Naturvernforbund har for få år sidan laga ein rapport, nr 3/2000 Evaluering av mikro- og minikraftverk. I oppsummeringa er det lista opp nokre testspørsmål som kan vere noko til hjelp. Viss ein i første omgang sorterar vassdrag i raud eller gul kategori viss svaret er ja på minst eit av følgjande spørsmål, har ein byrja sorteringa:
1. Blir fisk og anna liv i elva mellom inntaket og kraftverket påverka?
2. Reduserer inngrepa på land verdien av lokalt sjeldne natur- og kulturlandskapsverdiar eller sjeldne biotopar?
3. Er inngrepet negativt landskapsestetisk og for friluftslivet?
4. Ligg inngrepet i verna vassdrag?
5. Ligg inngrepet i lite påverka natur?


Med helsing

Øystein Folden Leiar’

Leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har telefon 91 81 25 42.Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid for bevaring av vassdraga våre

Småkraftverk – tema i fylkesavisa Spor – innlegg frå Dagfinn Leira

Retningslinjer for fylkesvis planlegging av småkraftverk – brev fra OED mai 2006

Foredrag om vassdragsplanen til Bergen kommune