Kommuneplanen til Nesset i strid med naturmangfoldlova?

Fråsegn frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Nesset kommune.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har ikkje for vane å gi fråsegner til kommuneplanar. Det skuldast ikkje manglande interesse, men at det er for tidkrevjande til at vi får det til for dei kommunane der vi ikkje har lokallag. Det gjeld også kommuneplanarbeidet for Nesset kommune.

Men vi har registrert at det i revisjon av kommuneplan er gitt plass for verksemd i form av Eikesdal Alpin. Naturvernforbundet vil peike på at ein slik bruk av arealet som arealdelsplana viser kan ha innverknad på verneføremålet til verneområda som grenser til. Slike spørsmål er omhandla i Naturmangfoldlova, jf. § 49 som følgjer:

§ 49. (utenforliggende virksomhet som kan medføre skade inn i et verneområde)

Kan virksomhet som trenger tillatelse etter annen lov, innvirke på verneverdiene i et verneområde, skal hensynet til disse verneverdiene tillegges vekt ved avgjørelsen av om tillatelse bør gis, og ved fastsetting av vilkår. For annen virksomhet gjelder aktsomhetsplikten etter § 6.

Så langt vi kan forstå er slike verknader vurdert og det er konkludert med at villrein kan bli negativt påverka. Villreinen er ein av dei dyreartane som den seinare tida har fått livsvilkåra mest redusert i form av veg-, hytte- og kraftlinebygging spesielt. Den seinare tida har også klimaendringar slått inn, og mykje tyder på at villreinen kjem til å måtte endre åtferd for å kunne finne mat. I dette lyset er det viktig at ikkje tiltak som kan redusere livsvilkåra for villreinen blir etablert eller utvida. Naturvernforbundet krev såleis ei vurdering av dette tiltaket etter Naturmangfoldlova § 49, og at føremålet blir fjerna frå arealdelen til kommuneplana.

Det er sannsynlegvis fleire punkt Naturvernforbundet burde ha sagt noko om. Det at vi ikkje seier noko bør ikkje tolkast som at vi ikkje har merknader.

Med helsing

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Telefon 91 81 25 42

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen