Kommunevalet i Tingvoll og miljøspørsmål

Naturvernforbundet i Tingvoll har i år gått gjennom partiprogramma ved kommunevalet. Vi har vurdert om det som står der er eigna til å nå dei miljømåla vi meiner er bra for naturmiljøet. Har ikkje naturmiljøet det bra, vil det også vere menneske som ikkje har det bra, og difor er naturmiljøet grunnleggande viktig.

I tillegg til dei typiske miljøspørsmåla er det i stor grad hyttebygging og samferdsel som har mest å seie for miljøverdiane ved dette valet.

Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet har båe overordna naturomsyn framfor ein del andre omsyn. Dei har båe miljøkapittel med gode miljøsaker. Kristeleg Folkeparti har størst breidde i miljøsakene av desse to partia.

Venstre har eit partiprogram som kan vere vanskeleg å samanlikne med dei andre, sidan det er meir generelt.

Arbeidarpartiet og Høgre har element av miljøpolitikk som er bra, men særleg samferdselsløysingar og utbygging av Langøya peikar andre vegen.

Framstegspartiet har denne gongen med eit miljøkapittel. Einskildtiltaka er likevel tynne, og samferdselssida og hyttepolitikken peikar andre vegen.

Naturvernforbundet si rangeringa etter miljøomsyn blir difor:

1. Kristeleg Folkeparti

2. Senterpartiet

3. Venstre

4. Høgre

4. Arbeidarpartiet

6. Framstegspartiet

Største utfordring:

Det som er mest spanande er å sjå på gjennomføringsevna. Der har nok Senterpartiet mest å bevise. Senterpartiet på Stortinget har i alle fall i siste perioden gjort noko heilt anna enn det partiet legg opp til lokalt når det gjeld vern om naturgrunnlaget og at omsyn til miljø skal gå framføre omsynet til materiell velstandsauke.

Spesialitetane:

Eit og anna snadder finn vi når vi går gjennom partiprogramma. Framstegspartiet er det einaste partiet som har eit punkt om vegsalt. Dette er eit viktig spørsmål, men det blir spanande å sjå om det let seg stoppe med eit skilt ved kommunegrensa. Men får dei saka på dagsorden høgare opp i systema, så gjerne det. Miljøsertifisering av badeplassar med Blått flagg blir vel som å sertifisere Tingvoll Fjordhotell etter Michelinguiden. Men det er råd å miljøsertifisere både parkvesen og avløpsdelen – litt fortgang i Miljøfyrtårnsertifiseringa i kommunen vil kanskje oppfylle Framstegspartiet sitt ønskje på ein annan måte.

Kva Senterpartiet meiner med at dei som ryddar vegkantar for skog skal få gratis ved kan ein undre seg over. Det viktigaste er at det blir rydda. Alle partia er med på det, sjølv om Venstre har gløymt å seie det i programmet sitt. Undrast på kva partia seier til kostnaden?

Når Arbeidarpartiet og Høgre båe vil ha klimaplan og utbygging av Langøya kan ein også undrast. For miljøet sin del vil det då vere ein klar fordel om klimaplan kjem først. Berre reiseverksemd knytt til Langøyaprosjektet vil nok gje ei auke i klimagassutslepp tilsvarande utsleppet frå bilparken i Tingvoll. Å starte klimaarbeidet med å auke utsleppa for å nå målet kan ikkje bli anna enn fiasko, i alle fall når det gjeld klimagasspliktane våre.

Senterpartiet vil støtte etablering av ”miljøindustri” – ein spanande tanke.

Arbeidarpartiet seier dei ikkje vil gje opp reinsing av Bergemsvatnet. Det er vel truleg det dei kan få gjort med den saka denne perioden. Det ville vere meir hjelp i tiltak så ikkje andre vatn i kommunen blir som Bergemsvatnet. Tiltak mot forureining av vassdrag og sjø er det elles Kristeleg Folkeparti som vil ta seg av. Dei er også einaste partiet som har sagt dei vil ha innarbeid miljøvennlege og etiske krav i samband med kommunale innkjøp (Fair Trade). Her er det tale om å bruke forbrukarmakt, ei sak som må takast på lokalplanet. Dette er ei sak som er mykje viktigare for miljøet enn det kan sjå ut for ved første augekast.

Venstre er aleine om å setje fokus på estetikk og visuell utforming av kommunale bygg og offentlege fellesareal. Senterpartiet svarar med å ville ha intensjonane med lysplana innført i heile kommunen. Båe delar er gode miljøtiltak i den forstand at det som er pent er godt for oss å sjå på og godt for oss å leve med.

Dette blir det fleirtal for:

Klimaplan vil det bli, viss då ikkje Framstegspartiet får fleirtal aleine. Manglande klimatiltak vil føre til millionar av klimaflyktningar, så kanskje Framstegspartiet er for klimatiltak dei også? Overgang til biobrensel i staden for olje og straum i offentlege bygg er det og utsikt til. Redusert gjengroing av kulturlandskap og vegkantar vil alle, men her kjem det an på gjennomføringsevna. Gang og sykkelveg frå Øydegardskrysset til Kanestraum har også god oppslutnad. Betre kollektivtrafikktilbod vil mange ha. Slik har det vore i årevis, og bussbillettane har auka meir i pris enn bilutgiftene like fullt. På dette området må det gjerast meir viss det skal bli resultat. På avfallssida er ordningar for plastretur nær ei løysing.

Dette er gløymt:

Noverande kommunestyre vedtok ein husdyrgjødselforskrift som tillett spreidning av husdyrgjødsel ein månad lenger ut over hausten enn det som er nødvendig. Den forskrifta kan med fordel opphevast så snart som mogleg. Risikoen for å få fleire vatn med problem som Bergemsvatnet er i alle fall til stades viss det ikkje blir gjort noko.

Det er i dei seinare åra påvist unike biologiske verdiar knytt til skog i Tingvoll. Eit kommunalt arbeid for stimulans til friviljug vern av desse skogsområda vil vere bra i tråd med tanken bak økokommunen. Tap av biologisk mangfald er av Stortinget vedtatt stoppa i 2010, og då må kommunen gjere sin del av jobben.

Tiltak mot støy i område som ikkje har det i dag er også gløymt. Tilrettelegging for å få fleire ut i naturen er vel og bra, men må ikkje gjerast ukritisk. Omgjering av stigar til vegar kan i ein del høve vere eit dårleg miljøtiltak. Løypekøyring om vinteren i område som er stille elles vil også vere svært negativt.

Naturvernforbundet vil elles minne om at partia gjerne kan forsterke miljøprofilen sin utover det som står i programmet i dei fire åra som kjem. Naturvernforbundet hjelper gjerne til.

For meir informasjon kan leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet kontaktast på telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen