Konferanse om EU sin politikk på regionar, miljø, energi og naturforvaltning
Naturvernforbundet, Bondelaget og Nei til EU samarbeider om å arrangere ein open konferanse om EU sin politikk på regionar, miljø, energi og naturforvaltning i Molde 16. og 17. november. Kommunepolitikarane i Møre og Romsdal er spesielt inviterte.
Konferansen blir arrangert i bankettsalen på Hotel Alexandra i Molde og er eit eineståande høve til å få oppdatert seg på internasjonale miljøsaker og EØS. Konferansen er open, og det er ingen deltakaravgift sidan UD gjev økonomisk støtte til arrangementet. For kommunane som no opplever at 60 prosent av avgjerdene vert påverka av EØS-avtalen er dette eit godt høve til også å skolere seg på handlingsrommet ein tross alt har.
Foredragshaldarar er stortingsrepresentantane Ola Borten Moe og Bjørn Jacobsen, utredningsleiar Morten Harper i Nei til EU, Helene Bank som er rådgjevar for Senterpartiet si gruppe i miljøspørsmål og tidlegare nestleiar i Naturvernforbundet og utredningsleiar Christian Anton Smedshaug frå Bondelaget.
Meir informasjon kjem her etterkvart. Følg med!
Førebels ser programmet slik ut:
Fredag 16. november:
kl. 15.30: Ola Borten Moe, leiar i Stortingets næringskomite (Sp):
Landbruket – ei framtidsnæring med nasjonale mulegheiter og intrnasjonale utfordringar. Norsk økonomi og næringsliv går så det suser – korleis tilpasse næringspolitikken i forhold til EU og WTO.
kl. 17.00: Registrering, mat, myldring
kl. 18.00: Innlegg:
EU, EØS og norsk handlefridom lokalt. Morten Harper, utgreiingsleiar i Nei til EU sitt sekretariat
Frihandel og landbruk. Christian Anton Smedshaug, rådgjevar i Norges Bondelag (Cand scient i økologi samt samfunnsfag, etnologi og historie fra Universitetet. Dr.grad NLH i økologi.. Arbeidet i LMD og NB med internasjonal landbrukspolitikk, OECD, EU og WTO.)
Kommentarar frå:
Helene Bank (Rådgjevar i stortingsgruppa til Sp, tidl. nestleiar Noregs Naturvernforbund og arbeidet i Forum for Utvikling og Miljø.)
Stortingsrepresentant Bjørn Jacobsen, SV. (Medlem Forsvarskomiteen, den utvida Utanrikskomiteen og Europarådet si parlamentarikarforsamling.)
kl. 20.00: Middag.
kl. 21.30-22.15: Kveldssamling – uformell samtale med forfriskingar og korte innleiingar ved Bjørn Jacobsen, Helene Bank, Steinar Klev, Morten Harper og Christian A Smedshaug.
Laurdag 17. november:
kl. 08.00: Frukost
kl. 09.00: Morten Harper: Norge – EU sin påverknad gjennom EØS-avtala på kvardagen for kommunar, næringsliv og folk flest.
kl. 10.00 Christian Anton Smedshaug : Kva skjer i landbruks- og regionalpolitikken i EU / EØS og korleis påverkar det WTO-forhandlingane.
kl. 11.00 Pause
kl. 11.30 Helene Bank: Korleis møter Norge og EU klima- og miljøutfordringane.
Bjørn Jacobsen: Globalisering, krigføring, miljø og klima.
Drøfting.
Kl. 13.00 Lunsj
Kl. 14.00: Diskusjon og spørsmål etter innlegga til Bank og Jacobsen.
Kl. 14.30: Møre og Romsdal Nei til EU: Viktige utfordringar framover i høve tenestedirektivet.
Møre og Romsdal Bondelag: Landbruks- og miljøutviklinga i Norge samanlikna med Irland og EØS-landet Sveits.
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal: Dei internasjonale miljøutfordringane.
Kl. 15.30 Avslutning og heimreise
For meir informasjon kan Gunnar Wentzel i Bondelaget kontaktast på telefon 90 72 95 82 og epost gunnar.wentzel(a)bondelaget.no, Johs. Bae i Nei til EU har telefon 91 16 65 57 og epost johannes.bae(a)neitileu.no og Øystein Solevåg i Naturvernforbundet har telefon 40 23 47 05 og epost moreromsdal(a)naturvern.no.