Konsesjonskrafta

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Debatten går nokre stader om konsesjonskrafta skal kome kommunen sine innbyggarar til gode. Naturvernforbundet har ikkje noko mot det, men det er heilt vesentleg korleis dette skjer.

Den straumprisen vi har no speglar at energi er ein avgrensa ressurs. Framleis betalar vi ingenting for det fenomenet at ressursar blir brukt opp, berre for utvinningskostnadene og fortenesta til drivar. Vi betalar nesten ingenting for skader på naturen. Slik sett er energiprisane framleis låge.

Bioenergi t.d. skal betalast fullt ut, men må altså konkurrere med t.d. olje der ein del av kostnadene ikkje blir betalt. For å dreie energibruken over i meir miljøvennleg retning er det ingen fordel at miljøøydeleggande energiproduksjon blir subsidiert.

Naturvernforbundet meiner det finst andre gode måtar å fordele konsesjonskrafta på. Kraftselskapet kan t.d. bruke 2000 kroner pr. abonnent til å gå gjennom huset deira og vurdere ulike tiltak for straumsparing. Kraftselskapet kan så sørge for at det blir installert t.d. pelletskamin, varmepumpe, styringssystem eller skifta til sparelyspærer osb. (sluttbrukartiltak). Slike tiltak kan spare kunden for 5000-10000 kWh pr. år. Viss abonnenten tar kostnaden sjølv, så kjem resultatet på straumrekninga abonnenten til gode med ein gong. Tar kraftselskapet rekninga, må abonnenten betale ei stund som om ingenting hadde hendt, men når kraftselskapet har fått dekt opp mesteparten av kostnaden sin, då kjem redusert straumbruk abonnenten til gode i all framtid. Her er det ikkje spørsmål om ein har råd eller ikkje, dette kan alle få del i.

Kan det vere ein fordel for kraftselskapet å selje mindre straum i framtida? Viss forbruket aukar, må også kapasiteten auka. Ei kraftline som no har passe kapasitet er ikkje mykje verdt den dagen ho er akkurat litt for lita. Viss straumforbruket til oppvarming blir redusert, vil kraftforbrukstoppane på kalddagar flate noko ut. Behovet for opprusting av kraftliner for å dekke opp akkurat dette forbruket blir redusert. Det tener kraftselskapet på og det tener dei som skal betale nettleiga på.

Naturvernforbundet sin oppmoding er enkel: bruk konsesjonskrafta til sluttbrukartiltak slik at straumbruken blir redusert og dermed også straumrekninga.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid for bevaring av vassdraga våre