Kontroll av avrenning m.v. frå Miljøservice Eide As

Epost til Fylkesmannen i Møre og Romsdal onsdag 30. desember 2009.

I samband med brannen ved Miljøservice Eide AS går vi ut frå at det no har vore avrenning frå avfallsområdet og ut i bekkane i området, både av det som var der i den ordinære drifta og det som kjem av brannen. Naturvernforbundet krev difor at det straks blir gjort målingar i bekkane og i naturreservatet der bekkane munner ut for å få dokumentasjon på dette. Vidare at det blir iverksett tiltak mot ytterlegare avrenning.

Elles er vi kjent med at det var oskenedfall innover mot Eide sentrum. Vi går ut frå at det blir samla inn prøver også frå dette, slik at ein får klarlagt om det har blitt med stoff ein må ha merksemd på, t.d. asbestrestar som kan ha vore i haugar av oppmalt trevirke o.l. Om det ikkje er råd å få gjort noko med det kan ein i alle fall få dokumentert noko av kva som kan skje og eventuelt justere regelverk for å hindre problem seinare.

Med helsing

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden, leiar