Kopar og det grøne skiftet
Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.
Vi må ha kopar for å gjennomføre det grøne skiftet, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen i samband med at det er gitt løyve til å dumpe gruvemasse i Repparfjorden i Finnmark.
Reservane av kopar i verda er rekna til 490 millionar tonn. Uttaket, merkeleg nok kalla produksjon, av kopar er kring 16 millionar tonn i året, det også i følgje Wikipedia. Då vil det vere tomt om 30 år, omtrent på den tida borna til Røe Isaksen er gamle nok til å overta ansvaret for styre og stell. Kva slags skifte vil ein stå framfor om 30 år tru?
Det er for dyrt å gjere noko anna enn å dumpe gruvemassen i Repparfjorden, seier gruveeigaren og departementet. Det er det same som å seie at naturen stiller opp som velviljug betalar så dessertgenerasjonen kan sleppe litt rimelegare. Dette for å bøte på problema med klima som den same dessertgenerasjonen held på å få gjort masse ugreie med. Så spørst det om løysinga på klimaproblemet blir løyst fort nok, sidan dessertgenerasjonen ikkje vil seg så veldig vondt, og har veldig god tid til å finne tekniske løysingar. Å redusere forbruket som er det einaste som det er hjelp i, det er det jo ingen som torer å seie noko om.
Det kjem nokre etter oss. Dei arvar oss, men kjem ikkje til å bli rike. Eg er redd dei overtar eit klimaproblem av dimensjonar. Dessutan vil alle kopargruvene vere tomme. Og alle skraphaugane vil vere fulle. Kva kjem dei til å tenkje om oss som bestemte i 2019? Vi kan ikkje halde på slik lenger.
Øystein Folden
Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal