Kor stor plass skal fiskeoppdrettsverksemda få?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Næringsforum på Nordmøre og i Romsdal ber om at forsyninga av straum får merksemd. Det er ikkje nok straum i området vårt til ny industri. Med nye landanlegg for laks vil straumforsyninga knele viss ikkje noko blir gjort. Men er det rett at slik næring skal få alt dei ber om?

Fiskeoppdrett tar stor plass. Ein ting er fiskeposane i sjøen. Dei fyller opp areal som vi kan sjå teikn til på overflata. I tillegg kjem dei nær gyteområde og andre viktige biologiske område som det ikkje lenger er så god plass til under vatn.

Med mange fiskeposar i sjøen melder sjukdomane seg. For at fiskeoppdrettaren skal ha det bra, så må det medisinerast. Når lakselusa skal vekk, så har det vore til fortrengsel for skaldyr som reke og hummar og andre som ikkje lenger har levevilkår under fiskeposane. Anten døyr dei , eller så blir det mindre plass til dei. Når lakselusa tar sjøauren, så må vi ha mange fleire sjøaurevassdrag for å ha like mykje sjøaure som før. Men det blir jo ikkje fleire slike vassdrag. Fiskeoppdrettet trengar berre vekk det andre. Det er ikkje betre med lakseelva og lakserømminga.

Tamfisken skal ha noko å ete. Ein del fiskebestandar er nok ikkje det dei var, som følgje av hardt fiske på dei, for å skaffe mat til tamfisken. Så må fiskarane breie seg ut over i staden, viss det er hjelp i. Når no tamlaksen nesten har blitt vegetarianar, så bruker vi også areal i Brasil og andre stader. Meir enn halvparten av importert soya gjekk til å fôre tamfisk i 2018.

Det siste er at fisken skal takast på land. Ikkje for å bli slakta, men for å bli ala opp i endå større mengde enn før. Så går det unna med sjønære landområde. Det er ikkje småareal, ein liten kilometer i slengen blir skote bort og bygd ned, og meir blir påverka. Det har vore noko på slike stader før tamfisken flytter inn, borte blir det.

Fisk på land treng vatn i sirkulasjon, og dermed skal ein ta vatn på land også. Desse landanlegga treng massevis av straum for å pumpe masse vatn. Det må til nye, store kraftliner. Slike tar plass.  Straumen skal også produserast nokon stad. Eit slikt anlegg som nokon vil bygge i Aure treng heile produksjonen av det som er søkt om på Skardsøya som vindkraftprosjekt. Skardsøya er mykje areal. Med i alle fall tre slike fiskeanlegg på teiknebrettet i fylket, så går det unna også med fjellareala våre eller kvar denne straumen skal produserast. Dessutan treng dei straum heile tida, ikkje berre når det bles. Så blir dei skuld i sin del av vassdragsreguleringane også. Moglegheita til å produsere straum når vi vil kan vi ikkje bruke fleire gonger.

Viss fisken kjem på land, får vi då tilbake plassen der fiskeposane ligg i sjøen i dag? Det er visst ikkje meininga. Produksjonen på land kjem i tillegg. Det er jo ein del av arbeidet med å få fem gonger så mykje fiskeoppdrett som no.

Det ender ikkje der. Tamfiskproduksjonen er mykje større enn vi et sjølv. Det blir lasta fisk på vogntog og fly. Transporten langs vegane er så stor at dei må byggast breiare og rettare, og ein del av årsaka er oppdrettsnæringa. Skal vi drive denne frakta utan klimagassutslepp, blir det ytterlegare åkerareal og skogsareal som går med for å lage biodrivstoff.

Beklagar til oppdrettsnæringa, men voluma i næringa er alt for store til at dei kan reknast som bra for miljøet. De tar så stor plass, at no får de ikkje meir. Sjølv om arbeidsplassar er viktige, så får politikarane våre leite etter slike som ikkje tar livet av kloden vår. Det er på tide at politikarane tar det ansvaret dei er valde for å ta.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal