Korallar og fiskeoppdrett på Smøla

Naturvernforbundet reagerer etter oppslag i Tidens Krav.

Tidens Krav hadde 13. september 2017 eit oppslag om korallar ved Brattleia i Smøla kommune.

Naturvernforbundet har ikkje hatt kapasitet til å engasjere seg i oppdrettssaken som har vore på høyring i området, men spør Fylkesmannen, fylkeskommunen og kommunen kva dei har gjort for å sikre naturverdiane i denne søknadsprosessen.