Korleis går det med klimaet?

Lesarbrev frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

I Durban hasta det ikkje meir for dei store industriane å gjere noko med klimaproblematikken enn at dei utsette heile prosjektet nokre år. Samtidig får vi stadig ny informasjon som fortel oss ein del om det dramaet vi kan stå framføre.

Biletet er ikkje heilt eintydig. Den som har bestemt seg for at denne klimaproblematikken ikkje finst, han kan finne eit og anna teikn å trøyste seg med. Ein eg kjende meinte det var best å køyre fortast mogleg gjennom ein hårnålsving av ein jernbaneundergang. Jo kortare tid han bruka, jo mindre var risikoen for å treffe nokon som kom i mot, sa han. Det er nok slik at ny kunnskap jamt går i retning av at klimaproblematikken vil slå inn over oss minst så kraftig som FN sitt klimapanel har fortald oss tidlegare. Det er nok slik at det er best å bruke tid gjennom dei vanskelege jernbaneundergangane  til ein får dei utbetra også. Latar ein som problemet ikkje finst, så blir det fort tap.

Mange av dei som bestemmer i Durban og andre stader der klimaproblematikken blir diskutert har nokre fellestrekk. Dei er såpass gamle at dei stort sett vil ha lagt ned verksemda si når klimaverknadene tar oss for alvor. Våre barn og barnebarn vil oppleve det annaleis. Dessutan har politikarane innretta seg etter at dei skal attvelgast om nokre år. Ein gong i tida valde vi dei vi trudde var klokast til å ta avgjerder på vegne av oss som politikarar. No kan det virke som mange blir valde fordi dei lovar oss mest til vår lommebok. Politikarar som tenkjer meir enn 4 år fram i tid og tar upopulære ”investeringar” no for at det skal bli betre seinare, dei blir ikkje attvalde.

Lurer ein på om ein kan ta bussen klokka 8 eller klokka 9 for å nå flyet til resten av livet, kva gjer ein då? Sjølvsagt er det nokon som tar bussen klokka 9. Viss ruta tilseier at det ikkje går, så kan det jo gå likevel, om flyet ein skal rekke også er seinare enn ruta. Når ein kjem fram, får ein vite om det gjekk bra, men då er det for seint å gjere noko med det om det ikkje gjekk. Dei fleste vil vel satse på å ta bussen klokka 8 og så heller vite at dei kjem fram i god tid når det flyet ein skal ta er det siste som går. Då har ein også tid til ein overraskande trafikkork undervegs, utan at det gjer noko.

Når det gjeld klimaproblematikken er det langt alvorlegare. Går det som FN sitt klimapanel seier, så er orkanen Dagmar berre eit lite problem. At nokre ikkje evner å tenkje lenger enn til i dag, får så vere. Men ganske mange er i stand til å sjå såpass framover at klimaproblematikken framstår som eit stort trugsmål. At dei kan ha samvit til å halde fram som om problemet ikkje finst, det er nærast uforståeleg. Det kan berre folk gjere om dei kunn ser seg sjølv og ingen andre.  

Sidan politikarane våre ikkje torer ta den upopulære investeringa no, så må vanlege folk reise seg opp og ta ansvaret. Vi får ordne oss slik at verknaden av liva våre ikkje går utover dei som kjem etter oss. Er vi mange nok, så vil kanskje politikarane forstå at dei har ei politisk framtid også om dei tar ansvar for slike langsiktige spørsmål. Sjølv om politikarar, redaktørar og professorar ikkje skjønar eller torer, så ber Naturvernforbundet både sine medlemmer og andre om å gå føre i denne store saka. Kvar og ein kan faktisk gjere ein forskjell.


Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal