Korleis går det med olivinskogen?

Olivinskog blei vedtatt som utvald naturtype i desember 2020. Vi har ikkje mykje slik skog. Difor er det viktig at det blir utarbeidd dokument som fortel om korleis slik skog skal skjøttast.

Det finst berre nokre få kvadratkilometer med skog på olivingrunn i Noreg. Ein del av arealet er i Bjørkedalen i Volda. I desember 2020 blei olivinskog vedtatt som utvald naturtype.

Volda kommune har som oppgåve å passe på olivinskogen i Bjørkedalen. Statsforvaltaren er også med. Då vil det vere bra om ein har ein handlingsplan som ein kan hjelpe seg med, slik at hogst og stell av skog kan gjerast på best mogleg måte. Ein slik plan har nok også Miljødirektoratet ansvar for.

Det er stadig litt aktivitet i olivinskogen i Bjørkedalen. Dermed ville det ha vore bra om det blei fortgang i å få aktuell handlingsplan på plass. Naturvernforbundet i Ørsta og Volda har sendt brev med spørsmøl om korleis det blir arbeidd med saka.

Foto: Knut Festø. Frå olivinområde i Bjørkedalen.

Brevet som er sendt, sjå nedanfor.