Korleis gjekk det med hogsten i Gylhamrane?

Det er no klart at hogsten var innanfor naturreservatgrensa, men ikkje innanfor det ein kan gjere utan å spørje.

Naturvernforbundet i Tingvoll sende Statsforvaltaren eit spørsmål om saka 19.11.2023. Naturvernforbundet fekk ikkje så mykje svar, men etter kvart skjedde det i alle fall noko.

Politimesteren i Møre og Romsdal bestemte at handlinga var verdt eit førelegg på kr 300 000, som Statens vegvesen vedtok 1.9.2025. Neste gong vil ein vel sjekke opp litt nærare kva ein kan gjere i eit naturreservat.