Korleis verkar klimaendringane inn på dyrelivet ?

Insektforskar Eirik Søvik frå Høgskulen i Volda. held i år temaføredraget ved årsmøtet til lokallaget av Naturvernforbundet i Ørsta og Volda.. Emnet er korleis endringane verkar inn på dyrelivet, då med fokus på insekta. Føredraget er ope for alle.

Eirik Søvik, førsteamanuensis ved Institutt for realfag,  Høgskulen i Volda vil medlemane hugse frå Forskingsdagane hausten 2017, då han og  forskarkollegaene Anders Nielsen (Universitetet i Oslo) og Clint J. Perry (Queen Mary University i London)  var på desse tomtene på oppdagingsferd etter seine insekt. Etter denne oppdagingsferda gjekk dei  nærare inn på verdien av biene og kva som går føre seg inne i hjernane deira.  Naturvernforbundet fekk då vere medtilskipar og stod på stand her saman med Birøktarlaget.

Under Forskingsdagane 2019 heldt Søvik eit føredrag med tittelen : Miljøutfordringar i ei verd i endring. Medtilskipar var då Eldreuniversitetet,  og tiden og staden midt på dagen på  Høgskulen i Volda.  Føredraget no vert ei gjennomgang av det same emnet, men det er vel verd å høyre på sjølv om du fekk med deg det førre.  Og no får også yrkesaktive eit nytt høve på kveldstid til å få med seg dette.

Vel møtt, medlem eller ikkje!

(og hugs, du kan verte med på årsmøtet etterpå også om du ikkje har medlemskapen i orden.  Men då skal vi ha ei innmelding i tillegg som inngangsbillett)

Denne pressemeldinga saman med lysing vil stå i lokalpressa veke 6:

Korleis verkar klimaendringane inn på naturen?

Naturen er under press frå fleire kantar. Klimaet endrar seg, forureininga aukar, og arealinngrepa vert tyngre og større.

Naturen har alltid vore i endring, men no skjer det i eit tempo som aldri før. Kva for konsekvensar kan vi sjå av dette?

Eirik Søvik har forska på kva for konsekvensar dette har for det biologiske mangfaldet. Han er biolog og er tilsett som førsteammanuensis ved Høgskulen i Volda. Tysdag 11. februar vil han halde eit foredrag om dette i Aasen-tunet.

Søvik har sæleg sett på korleis «småkrypa» taklar endringane i naturen. Innsekta som dei fleste av oss ikkje veit så mykje om, larvane og ikkje minst humlene og biene. Når desse slit, vil vi alle slite.

Grunnlaget for all matproduksjon, fruktdyrking, landbruk og skogbruk står i fare om desse småkrypa ikkje får levert tenestene sine til resten av naturen. FN sitt naturpanel seier at tapet av biologisk mangfald er ein vel så stor trussel mot verdas befolkning som klimakrisa.

Vi ser fram til å få vite meir om dette livsviktige temaet frå ein engasjert og kunnskapsrik forskar i Tunet tysdag 11.

Naturvernforbundet i Ørsta og Volda er arrangør, og det er gratis inngang.

Vel møtt !