Køyr tunnelen no!

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Det var oppmodinga i Aura Avis, at ein skal køyre nytunnelen i Oppdølstranda no. Kan Aura Avis vere så vennleg å fortelje kva ein køyrande syklist skal gjere når han kjem til tunnelopninga i ein av endane av det nye vidunderet? Det er gjerne ikkje så mange det gjeld, men dei det gjeld treng i alle fall hjelp. Viss Aura Avis tykkjer det er vanskeleg å presentere gode løysingar, er vi takksame om spørsmålet kan vidareformidlast til ordførar og vegmynde, så kanskje dei kan svare på det.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal