Kraftkrise?

Dei som ønskjer å byggje ut gasskraftverk utan CO2-handtering presenterer mykje rart som fakta når dei skal forsøke å grunngi saka si. Mellom anna presenterer dei kraftkriser både her og der. Kronikk av Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Klimaproblema Klimaforstyrringane er vår store allmennings tragedie. Dei negative konsekvensane råkar alle, men ikkje likt. Det er vi rike som lettast kan meistre eit endra og villare klima. Vi står framfor ei global menneskjeskapt klimaforverring utan sidestykke i historisk tid, usikkerheita som var om dette på 80 og 90-tallet er no borte. Vitskapen snakkar med stadig sikrare utsegner og stadig meir dramatiske utsikter, t.d. for naturkatastrofar. Det som mest sannsynleg vil skje, er så alvorleg at det kan kallast brotsverk mot menneskja og mot vårt felles livsmiljø. Knapt noko anna spørsmål i verda krev større styringsinnsats enn klimaproblemet. Men styringsevna er tafatt.

Det kjem stadig rapportar om at folkegrupper i nord og sør er vitne til at livsgrunnlaget forvitrar fordi klimaet er i endring. Det har vore mogleg å sjå nokre naturkatastrofar som involverer klimaendringar på fjernsyn den siste tida til dømes, svoltkatastrofen i Niger og orkanen Katrina.

Men under desse alvorlege utsiktene for dei globale vilkåra for liv går nokre av dei rikaste menneska i verda rundt og held seg med ei oppfatning om at vi har kraftkrise i dette landet. Dei kan fritt bruke det dei orkar av noko av den billegaste straumen i verda, og dei får seg til å hevde – utan å skjems– at straumen er for dyr.

Energiunderskot? Sidan 1940-talet har energistyresmaktene og energiselskapa med lettlurte politikarar som villige klakkørar, stadig hevda at Noreg står overfor ei kraftkrise, og at det berre er eit spørsmål om få år før vi må slå av lys og varme i husa våre. Dette har i tur og orden blitt nytta som argument for å byggje vasskraft, atomkraft, gasskraft, meir vasskraft og meir gasskraft. Det har diverre aldri blitt nytta som argument for energisparing og energieffektivisering.

Historia viser at prognosemakarane konsekvent har tatt feil. Det er ikkje slik at det er mørkt og kaldt i landet. Fakta er at Noreg i gjennomsnitt eksporterer meir kraft enn vi kjøper frå utlandet. Uansett om vi reknar snittet for dei siste 5 åra, dei siste 10 åra eller dei siste 15 åra, viser tala det same: Noreg eksporterer meir kraft enn vi kjøper frå utlandet. Ved utgangen av august 2005 hadde Noreg eksportert 7,4 TWh kraft, dette er nesten tre gasskraftverk. Vasskraftproduksjon kan regulerast opp og ned på kort tid, noko som er vanskelegare når andre energiberarar blir nytta. Det er difor bra for miljøet å ha ei kraftutveksling med nabolanda våre. Sjølv når Noreg går for full maskin, er vi i balanse, og når vi tar med det at vi kan samarbeide med andre land, kan vi slå fast at kraftkrisa er avlyst enda ein gong.

Er det betre å bruke gassen her? Kraft som blir bygd ut i Noreg blir ført inn på ein europeisk kraftmarknad der det er ei utveksling med kraft frå andre land. Krafta som Noreg importerer har ulike kjelder. Enkelte ønskjer å framstille det slik at Noreg stort sett importerer kolkraft frå dei verste kolkraftverka og atomkraft frå russiske anlegg. Dette er for upresist. Vinteren 2003 importerte Noreg straum (vi hadde eksportert hausten 2002). Då hadde dei fleste nabolanda våre stort sett balanse i importen og eksporten av straum. Det tyder at dei ikkje produserte meir enn det dei sjølve brukte gjennom året og at kolkraftproduksjonen dermed ikkje var høgare enn den elles ville ha vore. Dei einaste landa som hadde netto eksport var Austerrike og Sveits, og dei eksporterte vasskraft!

Gass som blir eksportert blir ofte nytta direkte, noko som gir mykje betre utnytting enn gasskraftverk på norskekysten. Det er også slik at dei planlagde gasskraftverka på norskekysten stort sett vil ha dårleg energiutnytting samanlikna med moderne gasskraftverk i t.d. Danmark på grunn av at på kontinentet utnyttar dei i langt større grad varmeenergien som her i Noreg vil gå rett på sjøen. I Statoil si konsekvensutgreiing for gasskraftverk på Tjeldbergodden viser selskapet sjølv at eit kraftverk vil gi høgare utslepp av klimagassar enn det import av tilsvarande mengder kraft vil gi. Gasskraftverk i Møre og Romsdal vil difor auke både dei norske og globale klimagassutsleppa.

Kvifor skal vi subsidiere forureining? Noreg er i ferd med å innføre eit kvotesystem for handel med retten til å sleppe ut klimagassar. Systemet inneber at selskapet Naturkraft, som ønskjer å byggje eit gasskraftverk på Kårstø, må betale for berre 5 prosent av utsleppa sine. Resten av kvotane, 95 prosent, skal dei få gratis av den norske staten. I og med at dette fører til at staten må ta inn att desse utsleppa på andre måtar, har Naturvernforbundet rekna ut at noverdien av desse kvotane er mellom 1,6 og 1,9 milliardar kroner.

Skal Møre og Romsdal vere sjølvforsynte med kraft? I Møre og Romsdal er det dei siste åra og blir det de kommande åra starta opp verksemder som fører til at det på sikt vil bli bruka mykje meir kraft enn det blir produsert i fylket. Møre og Romsdal er ein del av Noreg og Europa, og det er ikkje slik at kvart enkelt fylke i Noreg må vere sjølvforsynt med straum. No er det også slik at Møre og Romsdal heller ikkje når det gjeld kraftforsyning er eit fylke.

Den store utvidinga Hydro Aluminium gjorde på Sunndalsøra førte til at energiforbruket i vårt fylke auka monaleg. Sunndalsøra er godt plassert i forhold til dei store kraftlinene som går gjennom Noreg. Ilandføringa og metanolfabrikken på Tjeldbergodden er ei anna stor etablering i vårt fylke. Her er det også planar om utvidingar som vil auke straumbruken. Det er også planer om gasskraftverk. Tjeldbergodden ligg langt frå hovudkraftlinene. Ved ei utviding av verksemda eller utbygging av gasskraftverk vil det vere nødvendig å styrke linenettet til og frå Tjeldbergodden.

Utviding av Hustadmarmor og ilandføringa av Ormen Lange-gassen fører til auka straumbruk i Romsdal. Dei kraftlinene som finst i Romsdal i dag vil ikkje klare å levere nok straum når Ormen kjem i drift. Det blir det difor planlagt ei ny kraftline frå Sunndal til Fræna for å sikre forsyninga. Sidan det ikkje er nokon direkte samanheng mellom linenettet til Tjeldbergodden og linenettet til Romsdal, vil ikkje eit gasskraftverk på Tjeldbergodden ha nokon direkte innverknad på forsyningstryggleiken til ytre Romsdal. Det er nok straum inn på kraftlina frå Sunndal så det er ikkje nødvendig å byggje gasskraftverk i Romsdal for å forsyne Hustadmarmor og Ormen.

Kva er løysinga? Noreg ligg svært høgt når det gjeld energibruk og klimagassutslepp i verda. Dersom vi skal få ein energibruk som er tilpassa omsynet til miljøet og framtidige generasjonar, må vi bli flinkare til å spare energi, og vi må syte for at den energien vi brukar er produsert på ein miljømessig forsvarleg måte. Vi må også gjøre oss mindre avhengige av elektrisitet og fossil energi og auke bruken av lokale varmekjelder som biopellets. Dersom vi skal nytte fossilgass i framtida, må det vere med CO2-handtering. Teknologi for ordentleg CO2-handtering finst, det er ingen grunn til å vente med å ta han i bruk.

Naturvernforbundet kan ikkje sjå at det er anstendig å legge opp til ein energipolitikk i Møre og Romsdal som ikkje har solidaritet med ofra for den verkelege energikrisa – dei som blir råka av klimaendringane.

Leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal kan kontaktast på telefon 91 81 25 42.

Motinnlegg frå leiaren i Nærings- og miljøutvalet i Møre og Romsdal