Kraftline Trollheim – Viklandet – Naturvernforbundet og NOF med kritiske merknader
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal og Norsk Ornitologisk Forening (NOF) sitt lokallag i Surnadal, Rindal og Halsa har gitt fellesfråsegn til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) til høyring av planane om ny 420 kV kraftlinje mellom Trollheim og Viklandet.
Vi vil ikkje motsetje oss at lina blir bygd. Samtidig er det klart at også dette lineprosjektet har ein betydeleg verknad på naturmangfaldet. For å redusere skadepotensialet, krev vi at det i sommar blir gjort suppleringskartlegging av naturtypar og vilt (salamander) i området, slik at ein veit at slike område ikkje er oversett. Verknaden av vegar er ikkje tilstrekkeleg dokumentert. Suppleringskartlegging og vegplan må sendast på avgrensa høyring. For å få til avbøtande tiltak når det gjeld kollisjonsfare for fugl må ein gå nye vegar, slik at det totale nivået på dette problemet knytt til kraftliner går ned. For fuglelivet er lineføringa brutal, særleg for kollisjonsutsett hønsefugl som har leveområde langs store delar av traseen. Funn av vengeskadd songsvane i området tyder på linekollisjon, og indikerer trekk av andefugl forbi (vest for Vindøldalen). Andre kritiske strekk er kryssing av juv og lisider med hekkeplassar for rovfugl. Vi tilrår merking med fugleavvisarar der lina passerer spelplassar. Vi har også peika på ulike tiltak knytt til nokre lokalitetar og tema som det skal vere råd å ta omsyn til.