Kraftliner: Naturvernforbundet og NOF etterlyser tiltak for fugl

Kraftliner er ein risiko for fuglelivet. I mai 2007 foreslo Naturvernforbundet og Norsk ornitologisk forening nokre tiltak for å redusere skadeverknadene i Aure og Tingvoll. No etterlyser organisasjonane svar frå NEAS.

Miljøorganisasjonane etterlyste også NEAS sine planar for utskifting av 22-kV-liner, og planar for gamle liner som er ute av drift. Nettselskapa har ei stor utfordring, men også eit rom for å gjøre ein miljøinnsats, i fjerning og kabling av 22 kV-nettet.

Kontakt Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal på telefon 91 81 25 42 for meir informasjon.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Les brevet frå Naturvernforbundet og NOF

Svar frå NEAS om kraftlinjer og fugl 29. november 2007