Kraftlinja må i kabel!

Om lag 30 politikarar og andre interesserte var med Naturvernforbundet og Folkeaksjonen på båttur inn Hjørundfjorden tysdag. Fleire slutta seg til på synfaringa på Standal og i Romedalen, og over 100 personar deltok på debattmøtet i Bondalen. Her var det eit samla krav frå dei frammøtte at den planlagde 420 kV kraftlina mellom Ørskog og Fardal må kablast.

– Vi må ikkje kome i ein situasjon der den eine dalen skal vere meir verdifull enn den andre, sa ordførar Hans Olav Myklebust (FrP) i Ørsta i sin appell. – Dette handlar om framtida vår, då må vi stå saman om å velje moderne løysingar. Kraftliner og luftspenn er ei gamaldags og ressursøydande løysing.

Etter at Statnett hadde presentert planane sine, kom det kommentarar frå Johnny Loen i Møre og Romsdal fylke, Kenneth Svendsen i Allskog og Bjarne Rekkedal frå reiselivsnæringa i Ørsta.

Loen gjorde greie for dei naturvernomsyna fylket tek i slike sakar. Han fokuserte på at kraftliner i seg sjølv er inngrep i leveområde for dyr og plantar. Dessutan kan kraftliner dele opp samanhengende naturområde, noko som kan redusere verdien av området for mange dyr og plantar. Kraftliner kan også kome i direkte konflikt med truga plantar og dyr, eller med sjeldne naturtypar.

Svendsen streka under dei store skogressursane som finst på Vestlandet. Ei kraftline vil legge beslag på store delar av desse, samstundes som verdien av skogen aukar sterkt, m.a. på grunn av auka etterspurnad av bioenergi. Svendsen var også opptatt av at dei landskapskonsekvensane ei kraftline kan få. Dette er eit trugsmål mot mange som forsøker å livnære seg i utmarksnæring av ulike slag.

Rekkedal la stor vekt på at Vestlandsfjordane er eksklusive. For oss som bur her kan dei bli sjølvsagte, ofte må vi reise ut for å forstå kor eksklusive dei faktisk er. Det å sette denne verdien på spel gjennom byggjing av ei kraftline gir store tap, både for reiselivsnæringa og for dei som bur i fjordane.

Lars Haltbrekken, leiar i Norges Naturvernforbund, viste til dei utfordringane Noreg har når det gjeld å ta vare på det biologiske mangfaldet. Stortinget har vedtatt å stoppe tapet av biologisk mangfald innan 2010. Det er dårleg samsvar mellom dette vedtaket og alle dei forslaga Statnett no lanserer om kraftliner frå Finnmark i nord til Setesdal i sør. Haltbrekken streka under at tida no er overmoden for at også bygging av kraftliner no må forhalde seg til miljøomsyn. Det vil seie kabling i eit langt større omfang enn tidlegare.

– Statnett må få ein ny instruks frå Storting og Regjering, var kravet frå Naturvernforbundet. – I denne instruksen må miljøomsyn bli mykje viktigare, og vi må få synliggjort kva det kostar å ikkje kable kraftliner, sa Haltbrekken.

Stortingsrepresentant Bjørn Jacobsen (SV) var klar på at kabling må utgreiast som eit reelt alternativ for å bli ei løysing som kan få politisk oppslutning. Han etterlyste tydelegare informasjon om kva som går tapt ved kraftliner og kva som kan vinnast med kabling – då vil det vere mogleg for politikarane å diskutere desse spørsmåla på fritt grunnlag. Jacobsen håpa difor at Statnett ville legge fram ein søknad om kabling. Han oppmoda også Naturvernforbundet og Folkeaksjonen til halde fram arbeid overfor alle politiske parti.

I debatten etter møtet var det brei oppslutning om kravet om kabling. Ordførar Bjørn Lødemel (H) frå Hornindal arbeider med å byggje alliansar med kommunane i Hardanger og Setesdal som også arbeider for kabling av 420 kV kraftliner. Sigmund Stene (H) frå Ørskog ville også ha riving av eksisterande liner når nye liner kom på plass, og gruppeleiar Olav Bratland (H) og fylkestingsrepresentant Reidun Klock Tjervåg (Sunnmørslista) i fylkestinget støtta opp om krava frå kommunane.

Inge Kolås frå Folkeaksjonen og Øystein Solevåg frå Naturvernforbundet avslutta møtet med å lova vidare kamp mot kraftlina og for kabling.

Meir informasjon:

– Øystein Solevåg, telefon 40 23 47 05 eller epost: moreromsdal(a)naturvern.no

– Inge Kolås, telefon 99 26 46 99 eller epost: post(a)ingekolas.no Ja, dette er ein viktig sak! Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Bakgrunnsinformasjon til deltakarane på synfaringa

Innlegget til Lars Haltbrekken om ny kraftlinepolitikk

Presentasjonen til Statnett

Intervju med Lars Haltbrekken på TV Sunnmøre tysdag 29. august 2006

Reportasje på TV Sunnmøre onsdag 30. august 2006

Møre om synfaringa

Meir frå Møre om synfaringa

Møre-Nytt om synfaringa

Meir frå Møre-nytt om synfaringa

Meir frå Møre-nytt

Forsida på Mørenytt etter synfaringa

Frå Rekkedal gjestegard i ØrstaFoto: Gunnar Wentzel

Frå kraftlinesynfaring i Follestaddalen i ØrstaFoto: Gunnar Wentzel

Frå Rekkedal gjestegard i ØrstaFoto: Gunnar Wentzel

Frå Rekkedal gjestegard i ØrstaFoto: Gunnar Wentzel

Frå kraftlinesynfaring i Follestaddalen i ØrstaFoto: Gunnar Wentzel

Frå kraftlinesynfaring i Romedalen i ØrstaFoto: Gunnar Wentzel

Frå kraftlinesynfaring i Romedalen i ØrstaFoto: Gunnar Wentzel

Frå kraftlinesynfaring i Romedalen i ØrstaFoto: Gunnar Wentzel

Frå kraftlinesynfaring på Standalseidet i ØrstaFoto: Gunnar Wentzel

Frå kraftlinesynfaring på Standalseidet i ØrstaFoto: Gunnar Wentzel

Frå kraftlinesynfaring på Standalseidet i ØrstaFoto: Gunnar Wentzel