Kraftlinjeplanar på Averøy – Naturvernforbundet kritisk til mangelfulle kartleggingar av naturmangfald
Planar om ny nettforsyning frå Engviklia til Bruvoll og sjøkabel over Kvernesfjorden har vore på høyring. Naturvernforbundet er kritisk til dei vurderingane som er gjort av naturmangfald i søknaden.
Naturvernforbundet konkluderer med at det er nødvendig med ei ny vurdering av konsekvensar for naturmangfald før vidare behandling av planane.