Kraftmarknaden og Naturvernforbundet

Lesarinnlegg i Sunnmørsposten.

I leiaren i Sunnmørsposten 22. august sluttar Sunnmørsposten seg til det noko underlege klageropet om at kraftbransjen ikkje har «fått lov til å byggje» ut nok kraft, og at kraftprisane difor har blitt for høge.

Det er visst eit journalistisk motto som heiter «Never check a good story.» No er det slik at kraftbransjen har fått lov til å byggje ut nesten all vassdragsnaturen her i landet. Den naturen vi har att har vi eit internasjonalt ansvar for å ta vare på. Eit teknisk problem med vasskraft er at lite nedbør gir lite kraft. Dermed ville rasering av fleire vassdrag no i sommar berre gitt oss eit land fattigare på natur, ikkje billegare energi.

Det er også slik at kraftbransjen har fått løyve til å byggje ut fire gasskraftverk og ein god del vindkraft. På grunn av dei låge straumprisane her til lands er det berre vasskraft det løner seg å byggje ut. Difor vil ikkje energiselskap byggje gasskraft eller vindkraft utan massiv subsidiering.

Det som derimot kraftbransjen kunne nytta nokre av pengane sine til, og som styresmaktene kunne samarbeide med dei om, var å gjere hushaldningane i Noreg mindre avhengig av elektrisitet. Landet gror igjen av skog og klimaet på kysten er ypparleg for varmepumpar. Likevel fyrer vi husa våre med straum.

Naturvernforbundet har gitt både kraftbransjen og styresmaktene mange gode forslag om korleis hushaldningane kan få kutta straumrekningane sine, samstundes som vi reduserer trongen til å rasere meir natur. Kanskje Naturvernforbundet sine forslag har meir for seg enn Sunnmørsposten latar til å tru?

Øystein Folden

Leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar