Kraftproblem og løysingar

Aura Avis etterlysar på leiarplass meir konkrete løysingar på energiproblema.

Naturvernforbundet avlyser gjerne kraftkrisa. Vi har eit energiproblem i fylket. Krisa er det andre som har. Dei som bur i Bangladesh og på paradisøyar i Stillehavet blir sett under vatn viss vi held fram som vi har gjort. Hos dei er det energikrise. Det finst og ei anna krise. Når nokon i ramme alvor meiner vi skal løyse våre problem på energifronten kortsiktig utan reinsing av utslepp, då vitnar det om ein tankegang og moral som er i stor krise.

Å velte skulda for problema over på miljørørslene, er også litt lettvint. Miljørørslene seier frå om at utbyggar må finne løysingar på energisida før tiltaket kan godkjennast. Det er utbyggingsinteressene sitt ansvar å gjennomføre eit prosjekt som også har ei etisk og miljømessig akseptabel løysing på energisida. Politikarane som klappar desse utbyggingsprosjekta fram kan gjerne ta sin del av ansvaret også.

Hydro Sunndal tener pengar så det susar på å bruke energi i Sunndal. Kva gjer dei for å fullføre sitt ansvar? Dei kunne t.d. løyvd 20 millionar til tiltak for å auke biobrenselbruken i Noreg. Når Naturvernforbundet er opptatt av dette og tar seg fri frå jobb for å finne konstruktive løysingar, då gjer vi noko som andre burde ha gjort. Vi arbeidar dugnad for å få det til og samlar inn pengar for å dekke våre utgifter. Dei siste 2 åra har vi ikkje fått ei krone i offentleg støtte i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Vi har sendt søknad til fylket for å få i gong eit energiprosjekt, så vi kan ta oss fri frå jobb og jobbe grundigare med dette, men fylket har brukt snart to år på å handsame søknaden, og framleis har vi ikkje høyrt noko.

For å løyse problema i Møre og Romsdal må vi arbeide på fleire frontar for til saman å finne løysinga. Naturvernforbundet har sagt tidlegare at det truleg er nødvendig med ei kraftline til inn i fylket. Det er sjølvsagt at ein då må velje ein del løysingar som kan vere dyre med ein del kabling, for at miljøkonsekvensane ikkje skal bli for store.

Ny kraftproduksjon i fylket er aleine ikkje nok, men eit bidrag. Føresetnadene her er å bygge både vasskraft og vindkraft der det er tilrådeleg og ikkje andre stader. Slik vindkraftprodusentane har tura fram dei siste åra, har denne produksjonsforma fått stor og fortent motstand. Her må fylket og etter kvart vindkraftinteressene setje seg ned å finne fram til dei rette stadene for slik produksjon. Elles stoppar det opp. Det same gjeld vasskraft, også minikraftverk.

I Noreg og i Møre og Romsdal bruker vi mykje straum til oppvarming. Oppvarming kan gjerast på andre måtar, og straumen kan frigjerast til formål der det ikkje er alternativ, som aluminiumsproduksjon.

Svenskane dekker over 100 TWh med biobrensel, nesten like mykje som Noreg har av vasskraftproduksjon. Dei siste 2 åra har dei auka med 7 TWh i året. I Noreg dekker vi kring 15 TWh med biobrensel. Her har vi eit kjempepotensiale. Ved å produsere vedomnar og pelletsomnar og sørge for at folk flest får ein motivasjon til å installere dei, kan vi frigjere nokre TWh med straum og det på kort tid. Ved å setje inn biobrenselfyrte kjelar på andre bygningar, er det også mykje å hente. Biobrenselproduksjonen må og aukast. Men når svenskane kan, får vel også vi til det. Aukar vi biobrenselbruken her i landet med det halve av svenskane dei neste åra, vil det vere straum tilgjengeleg til kraftlinene til Møre og Romsdal.

Varmepumper hjelper også. Sula kommune har søkt Enova om støtte slik at innbyggarar kan få hjelp til å installere varmepumpe i kommunen. Dei fekk avslag, mellom anna grunngjeve med at andre kommunar kunne kome til å finne på det same. Sulaløysinga gjennomført i heile fylket vil frigjere ca. 140 GWh. Framleis er det mykje å gå på, for Sulaløysinga gjeld ei varmepumpe for kvart tiande hus.

No er dugnadarbeidskontoen brukt opp for i dag, og heile gårsdagen gjekk på kontoen for resten av veka, så då blir det vel framleis litt stykkevis.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Telefon 91 81 25 42

Leiar i Aura Avis

Søknaden om mobile gasskraftverk frå 2003