Kraftsituasjonen, LO og Naturvernforbundet

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

All energiproduksjon har negativ miljøverknad. Ei auke i energiproduksjonen har difor miljøkostnader. Spørsmålet er om desse kostnadene er akseptable, og om det finst alternativ.

Når Naturvernforbundet har gått laus på energisituasjonen i Midt-Noreg så er det med det for auge at vi både skal dekke behovet vårt for energi og gjere det innafor miljømessig akseptable løysingar.

Rapporten «Kraftsituasjonen i Midt-Norge» som finst tilgjengeleg på www.naturvern.no, påviser ein sparemoglegheit på ca. 3 TWh i 2014 og ein produksjonsauke på litt meir. Når Else-May Botten i Romsdals Budstikke 16. juli seier Naturvernforbundet si einaste løysing er å spare så fortel det at Botten har att å lese ein del av rapporten.

Sparetiltaka som Naturvernforbundet har rekna med er ikkje basert på nedlegging av arbeidsplassar. Tvert om er det grunn til å tru at tiltaka kan gje fleire nye arbeidsplassar i tillegg til dei vi alt har, mellom anna i distrikta. Men vi kan ikkje tilby arbeidsplassar som krev meir enn 5 millionar kilowattimar pr. arbeidsplass, slik som visse verksemder i vårt fylke gjer no. Viss ein arbeidsplass skal målast på kraftforbruket for om han er god, er det mange som bør føle seg trakka på av LO. Slike arbeidsplassar bør ein heller tenkje på å lokalisere til Sogn og Fjordane der dei skal ha overskot på kraft. Det er trong for arbeidsplassar der også.

Dei sparetiltaka som Naturvernforbundet har rekna med i si løysing er dels lønsame å gjennomføre for bustader og verksemder. Nokre krev tilskot, men er samfunnsøkonomisk langt meir lønsame enn å gje tilskot til vindkraftverk eller reinsing av gasskraftverk som eit døme. Tilskota vil også kunne skje innafor EØS-regelverket.

Den nye kraftproduksjonen Naturvernforbundet har basert seg på er opprusting av eksisterande kraftverk som i mange høve ikkje har negativ miljøverknad, bioenergianlegg og betre bruk av spillvarme. Vidare har vi rekna med ein del småkraftverk som NVE alt har gitt konsesjon til og vindkraft, som NVE ser ut til å overoppfylle 3 gonger det Naturvernforbundet har rekna med.

I Naturvernforbundet si løysing har verksemder og forbrukarar fått hjelp til å bruke litt mindre energi, delvis omlegging til annan type energi som har betre miljørekneskap. Vi treng framleis å kjøpe straum frå Sverige, men ikkje meir enn det som går an å få gjennom kraftlina som alt er bygd, også i tørrår. Vi treng ikkje ny kraftline frå Sogn og heller ikkje frå Nord-Noreg. Vi treng ikkje bygge kysten full av vindturbinar. Vi treng ikkje gasskraftverk.

Elles er Naturvernforbundet undrande til gasskraftløysinga til LO. Energiløysinga bør vel vere på plass innan 2014? Månelandinga i form av reinsing av gasskraft har store problem med å klare den tidsfristen. Elles er eit gasskraftverk med reinsing ikkje så reint så det gjer noko. Ei faktisk reinsing på særleg meir enn 70 prosent er det ikkje tale om med den teknologien det stort sett har vore tale om til no. Det gasskraftverket LO talar om er anten eit som har betydelege utslepp, eller at det blir bygd lenge etter at kraftbehovet må vere løyst.

Øystein Folden,

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen