Krafttak for bruk av biobrensel?
For ei veke sidan utfordra fylkesordførar Jon Aasen dei politiske partia i Møre og Romsdal til å satse fossilt. Naturvernforbundet ønskjer å gi partia høve til å satse på framtida i staden.
Naturvernforbundet har difor sendt ut ei utfordring til partia om i staden å satse på biobrensel.
Naturvernforbundet ber difor partia svara på følgjande spørsmål:
1) Vil partia ta initiativ til eller stille seg positiv til at det blir etablert eit eige statleg utviklingsprogram for omfattande bruk av biobrensel?
2) Kva vil partiet satse i komande stortingsperiode på eit slikt program?
Leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal kan kontaktast på telefon 91 81 25 42