Kraftverk i Herresdalen

Vindkraftsaka på Fløystadfjellet og Kamsvågfjellet er ikkje den første kraftverksaka i dalen. Her får du høyre kva som skjedde sist gong kraftverk var tema.

I 2011 søkte Herredsdalselva kraftverk om å få bygge eit kraftverk som nytta seg av fallet mellom Herresdalsvatnet og Storvatnet i Straumsnes. Dette var eit lite kraftverk med forenkla saksgang. NVE kom med innstilling og Regional- og næringsutvalet i Møre og Romsdal fylke gjorde vedtaket 5.5.2014.

NVE innstilte på løyve utan regulering. Politikarane i utvalet ville det annleis og vedtok saka inklusiv ei regulering av vatnet. Mykje tyder på at konsesjonen ikkje har presisert øvste regulerte vasstand, og at Herredsdalselva kraftverk har eit løyve til å setje Herresdalen under vatn.

Naturvernforbundet klaga på vedtaket, men kom ingen veg. Olje- og energidepartementet gjorde endeleg vedtak 3.9.2015.

Slike konsesjonar gjeld i 5 år. Er ikkje arbeid sett i gang innan fristen, fell konsesjonen bort. NVE fekk i 2019 søknad om forlenging av fristen. Det ser ut til at forlengingssaka ikkje blei sendt på høyring i det heile tatt. Deretter gjorde NVE vedtak 19.11.2019 og fristen blei forlenga. Konsesjonen er gyldig til 3.9.2025, Tingvoll kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren fekk kopi av vedtaket.

Det er fleire, mellom anna Naturvernforbundet, som har klagerett på slike vedtak. Men klageretten fell bort etter nokre månader. Når ein ikkje får vite om vedtaka, misser ein dermed klageretten.

Systema legg opp til at svært få får vite noko om enkelte typar vedtak knytt til areal i energisaker. Viss nokon har kjennskap til noko i naturen som bør kome fram, så er det stor risiko for at så ikkje skjer. Naturen tapar på det kvar gong.

Naturvernforbundet si klage på det første vedtaket, og Olje- og energidepartementet si avgjerd og NVE sitt vedtak om ny frist kan du sjå under.