Kraftverk i Innerdalen?

Politikarane i Sunndal er opptatt av kraftsituasjonen. Så opptatt at både reknekunnskapar og alminneleg vurderingsevne ser ut til å ha tatt skade.

Kommunestyret ber om at det blir bygd gasskraftverk i Skogn, Tjeldbergodden og i Fræna. Dessutan skal det brukast spillvarme frå Verket og biobrensel der spillvarmen er for langt unna. Vindmøller kan vere vel og bra, og nye kraftleidningar må vi også ha. Dessutan renn det mykje vatn i Sunndal som ikkje går gjennom turbinar, og det må og nyttast ut.

Dette er tiltak som er meir enn 2 gongar forbruket på Hydro Sunndal i dag. Kva skal vi med all denne krafta? Skal vi kaste all natur på båten og produsere kilowatt til vi lyser både på framsida og baksida?

Men det stoggar ikkje med det. I mange år har det vore stor kamp for at dei mest verdifulle vassdraga skulle vernast mot kraftutbygging. Mot røystene til Trond Hansen Riise frå Venstre og Idar Hansen frå Arbeidarpartiet vedtok Sunndalspolitikarane: ”Kommunestyret ber likeeins om at ikkje utbygde vassdrag i Samla Plan blir vurdert delvis utbygd med nye og meir miljøvennlege metodar enn ved tidlegare vasskraftutbyggingar. Verneplanane for vassdrag; I – IV, bør også revurderast”

Naturvernforbundet har den seinare tida slåst for at nokre av småvassdraga skal få renne vilt og vakkert også i framtida, men politikarane si uvilje har vore heller stor til å finne ut kva vassdrag som bør sparast. Så har vi gleda oss over at det i alle fall finst nokre vassdrag som dei moderne vassdragsutbyggarane ikkje får kloa i. I Sunndal er det Grøvu og Ulvåa ned til Ålvund som er verna i Samla Plan. Det er ikkje noko for mykje. Andre stader er det på omlag same viset. Det er mogleg vassdraga i Samla Plan kunne ha vore vurdert på nytt i heilskap, men ikkje med siktemål at meir skal byggast ut totalt sett.

Sjølv moderne kraftutbygging har det ved seg at vatnet blir meir eller mindre borte frå utbygde vassdrag og blir førte i røyr og tunnelar i staden. Skånsame utbyggingar finst såleis ikkje.

No sa visst politikarane i Sunndal at det var ikkje Innerdalen og Grøvu som skulle byggast ut. Det er vel andre sine skattar dei har i tankane då? Entusiasmen for Sunndal sin aluminiumsproduksjon og kraftforbruk blir vel ikkje større med dette vedtaket.

Det er kommuneval om eit år. I Sunndal kommunestyre er det ganske mange som i denne saka har levert inn søknad om å få sleppe ein ny periode.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar

Vedtaket i Sunndal kommunestyre