Kråkebollar – den nye tabben?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Det er nokre som vil forske meir på kråkebolle, fortel Tidens Krav. Dei har alt funne ut at det finst 80 milliardar kråkebollar til ein marknadsverdi på 6,2 milliardar kroner. Så skal vi vel få sjå det igjen. Ei ny næring knytt til havet er på veg. No skal det forskast.

Forsking er bra, for all del. Men kva skal det forskast på? Utvikling av fangstreiskap er i alle fall noko konkret. Klart ein må ha reiskap. Mest mogleg effektiv reiskap,  venteleg, så det er råd å reinske store område for kråkebolle på kort tid.

Artikkelen i Tidens Krav seier noko om oppdrett av kråkebolle. Det verkar som kråkebollane skal fangast i havet og så forast opp vidare i tank eller merd. Då skal det truleg haustast av det som måtte vere av overskot i havet. Slik hausting har vi sett i andre næringar. Det er ingen som veit kor mykje som kan haustast, så då haustar ein til det ikkje er noko særleg meir igjen. Då veit ein meir om dette. Gründeren verkar å vere mest opptatt av å få tak i kråkebollane og berge dei over i oppdrettsfasa.

Det er utvikla spesialfôr til kråkebolle. Dermed er det ikkje berre uttaket av kråkebolle frå havet som får verknad, men det er sannsynlegvis ein verknad av å hauste fôr også. Vanlegvis vil forskinga næringa gjer gå på om fôret er rimeleg og om kråkebollen veks best mogleg. Dei andre sidene av saka blir det nok ikkje forska større på. Ikkje før ein må.

Så vil dei finne ut om resten av kråkebollen kan nyttast til noko, sidan rogna berre er ein tredel av kråkebollen. Viss ein ikkje kan nytte dette til noko, blir det eit avfallsproblem. Då er det sjølvsagt betre om ein kan selje det til nokon som har bruk for det.

Når kråkebollen døyr naturleg i havet, går skal og innhald inn i økosystemet der. Korleis går det med havet viss kråkebollen berre forsvinn opp på dyrkamarka i staden? Når havet blir surare, er det kanskje ikkje noko smart å fjerne gamle kalkhaldige skal frå kråkebollar? Det er nok ikkje det som skal forskast på no. Slikt blir ikkje forskingstema før ein ser at skade av noko slag alt har skjedd.

Det er difor på tide at styresmaktene som skal passe på havet no hiv seg rundt. Dei må setje krav til den nye næringa om forsking også på tema som tar vare på naturen, så det ikkje går gale som i fiskeoppdrettsnæringa.

Kor gale kan det gå? Store delar av tareskogen i Nord-Noreg forsvann i 1970-åra og tiåra etter. Havbotnen var snaugnagd. Det einaste som var att var ei hærskare med kråkebollar. Kva var samanhengen? Frå 1960-talet fann folk ut at steinbit var god fisk, og fisket på denne arten auka på. Når steinbiten er ein av få som gnafsar kråkebollar, så var det plutseleg knapt nokon fiendar igjen, og kråkebollane auka i tal. Når kråkebollane er dei som normalt eter ganske mykje tare, så måtte det gå gale. Å fjerne kråkebollen for å løyse tareproblemet er nok å prøve å gjere noko med symptoma og ikkje årsaka til problemet. Ein ubalanse knytt til kråkebollane skal ein difor ikkje risikere. Denne arten kan ha mykje større verknad på økosystema enn det vi veit. Det må ein vite mykje meir om før kråkebollar kan haustast i industriell stil.

 

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal