Krass kritikk av Møre og Romsdals nye fylkesplan

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal kommer med krass kritikk av fylkets nye fylkesplan. – Møre og Romsdal legg fram eit utfordringsdokument som ikkje handterer utfordringar. Å legge fram ein fylkesplan som ikkje seier noko om miljø, og som ikkje har berekraftig utvikling som mål er ikkje berre i utakt med nasjonal retorikk, det er rein gamalmannstenking. Det er synd at ungdom flyttar frå fylket, men det er like uheldig at nye tankar ikkje får plass, seier leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Les brevet fra Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Møre og Romsdal fylke:


Møre og Romsdal fylke Fylkeshuset 6404 MOLDE


BAKOVER

– UTTALE FRÅ NATURVERNFORBUNDET I MØRE OG ROMSDAL TIL FORSLAGET TIL UTFORDRINGSDOKUMENT FOR NY FYLKESPLAN

Konklusjon
Møre og Romsdal legg fram eit utfordringsdokument som ikkje handterer utfordringar. Å legge fram ein fylkesplan som ikkje seier noko om miljø, og som ikkje har berekraftig utvikling som mål er ikkje berre i utakt med nasjonal retorikk, det er rein gamalmannstenking. Det er synd at ungdom flyttar frå fylket, men det er like uheldig at nye tankar ikkje får plass.

Innleiing ? om fylkesplanlegging
Grunnlaget for fylkesplanen er gitt i § 19-1 i plan- og bygningsloven. Her står det mykje bra, m.a. at ?Fylkesplanleggingen skal samordne statens, fylkeskommunens og hovedtrekkene i kommunens fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle virksomhet i fylket.? og ?Fylkesplanen består av mål og langsiktige retningslinjer for utviklingen i fylket og et samordnet handlingsprogram for de statlige og fylkeskommunale sektorers virksomhet som angir hvordan målene skal oppfylles. Handlingsprogrammet skal også omfatte de kommunale sektorer for så vidt angår spørsmål som er av vesentlig betydning for fylket eller større deler av det.? Dessutan står det: ?I planen fastlegges også retningslinjer for bruken av arealer og naturressurser i fylket når det gjelder spørsmål som får vesentlige virkninger ut over grensene for en kommune eller som den enkelte kommune ikke kan løse innenfor sitt område og som må ses i sammenheng for flere kommuner i fylket.?

Naturvernforbundet er likevel kjent med at fylkesplanlegging i praksis er eit reint pliktløp, utan reell innverknad på samfunnsutviklinga. Og bra er det, når vi ser det utfordringsdokumentet vi har fått oversend frå Møre og Romsdal fylke med frist for uttale 15. september 2004.

Utfordringsdokumentet forsøker å drøfte nokre tema. Naturvernforbundet har problem med fleire av desse drøftinga. Særleg finn vi det vanskeleg å ta kapitlet ?Infrastruktur og samferdsel? på alvor, sidan dette ikkje har noko systematisk tilnærming til Nasjonal transportplan (NTP). Det er difor uklart kva status utfordringsdokumentet skal ha på området. Slik vi kjenner Møre og Romsdal fylke er det diverre omkamp for å få fleire vegsamband inn i NTP som har vore høgt prioritert, ikkje kollektivtransport. Naturvernforbundet meiner utfordringsdokumentet også burde sett på dei samferdslemessige konsekvensane av utbygging av breiband i fylket. Desse kan vere vel så viktige som den tyngre infrastrukturen når det gjeld t.d. næringsutvikling innan tertiærnæringane.

Dessutan er Naturvernforbundet svært skuffa over avsnittet ?Vern og bruk?. Her er det ikkje sagt noko om eller eventuelt korleis fylket vil ta vare på naturen i fylket. Har ikkje fylket ei eiga avdeling som arbeider med slike spørsmål?

Ikkje akkurat energisk
Naturvernforbundet veit ikkje korleis kapitlet ?Nok energi til konkurransedyktig pris? har kome inn i dokumentet. På 1960- og 1970-talet vart det laga mange prognosar for energibruken i Noreg. Felles for dei fleste av desse var at vi kom til å ha energikrise på 1980-talet dersom vi ikkje bygde ut atomkraft, kullkraft, gasskraft og alle vassdrag vi kunne kome over. Prognosemakarane har visst fått jobb i einskapsfylket. Sjølv om Noreg er ein del av ein europeisk el-marknad der det er overskot av energi så langt fram marknaden handlar straum, ser det ut til at nokon har forsøkt å oppkonstruere ein el-marknad i Møre og Romsdal med andre prisar og andre rammevilkår enn resten av verdsdelen.

Dette oppdikta kapitlet har ikkje noko i ein fylkesplan å gjøre, på same måte som fossilgass ikkje har noko rolle i det norske energiforsyningssystemet. Naturvernforbundet er overraska over at Møre og Romsdal fylke ikkje forsøker å sjå på energi ut frå dei faktorane fylket har innverknad på. Då ville det nemleg vore fornuftig å drøfte:
 Er energibruken og effektutnyttinga i fylket optimal, eller er det mogleg å effektivisere?
 Vindkraft aukar raskt som energiform i Noreg. Er det område i fylket der vindkraft bør vike for kultur- og naturmiljø (slik det har skjedd på Stadtlandet?)
 Bioenergi er den andre energiformen som aukar i Noreg. Samstundes har miljø- og landbruksstyresmaktene signalisert eit ønskje om å rydde kulturlandskap som gror att, og Naturvernforbundet signaliserer eit ønskje om å fjerne gran mange stader i fylket. Kva skal vi gjøre med all biomassen som blir rydda?
 Dei såkalte mini- og mikrokraftverka har blitt svært populære. Sjølv om inngrepet frå kvart enkelt anlegg kan vere lite (men ikkje alltid), ser vi at summen av alle dei planlagte kraftverka kan vere alvorleg. Burde Møre og Romsdal fylke hatt ei samordna tilnærming til desse effektane?

Næringsutvikling på lukke og fromme?
Medan energikapitlet er fullt av (misvisande) grafiske framstillingar, kunne det faktisk vore på sin plass med nokre oppdaterte tal på kva næringsverksemd Møre og Romsdal har (omsetning og sysselsette) og trendane for dei ulike næringane når det gjeld lønsemd og sysselsetjing. Naturvernforbundet er t.d. interessert i kva som kan skje innan kunnskapsintensiv næringsverksemd og tenesteyting i fylket, dette er næringar som vanlegvis brukar mindre energi, areal og naturressursar. Dessutan er det interessant å få eit oversyn over areal- og ressurskrevjande næringar som landbruk, skogbruk, fiske og fiskeoppdrett, og kva utvikling som skjer t.d. innan økologisk landbruk i forhold til konvensjonelt. Over heile landet blir Naturvernforbundet kontakta av aktørar i reiselivsnæringa som ser naturgrunnlaget som ein føresetnad for næringa, og som difor ønskjer samarbeid om ei betre naturressursforvaltning. Dette er svært aktuelt i Møre og Romsdal, utan at vi kan sjå at utfordringsdokumentet vurderer denne sida av reiselivsnæringa.

Global, regional, lokal
Møre og Romsdal har alltid vore eit fylke som er ope mot verda, både når det gjeld eksport, næringsutvikling og internasjonal solidaritet. Samstundes vil Møre og Romsdal ha mange av dei same utfordringane når det gjelde folketal og ?samansetting, næringsutvikling og miljø og arealbruk som regionar i Skottland, Irland, Frankrike og Spania, og vi har mykje samkvem med regionar i Brasil og Kanada. Når vi veit kor mange rammevilkår som er styrt av EU og andre internasjonale organ, er Naturvernforbundet overraska over at Møre og Romsdal fylke ikkje i større grad nyttar fylkesplanen til å drøfte internasjonalisering i utdanning, næringsliv, forvaltning og ikkje minst kulturelt.

Avslutning
Utfordringsdokumentet er ikkje eit grunnlag for ein fylkesplan. Møre og Romsdal fylke bør på nytt drøfte om det faktisk skal lagast ein fylkesplan, eller om fylket i staden skal utvikle delplanar på avgrensa felt, t.d. vindenergi.

Det å lage ein fylkesplan som faktisk får innverknad på samfunnsplanlegginga er ei stor oppgåve, og krev sterkt engasjement frå mange aktørar. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har avgrensa ressursar og må prioritere nøye. Vi kan ikkje sjå at det er rett av oss å bruke meir ressursar på dette. Derimot vil vi halde fram med arbeidet for meir naturvern og mot forureining i fylket.


Med helsing


Øystein Folden
leiar