Krav om stopp av anlegg

Naturvernforbundet krev at oppstart av torskeoppdrett ved Alida i Volda kommune blir stoppa. Konsesjonen er påklaga, og må avgjerast før ein set tamtorsk i sjøen. Rømmer denne tamtorsken kan uopprettelege skade oppstå.

I påska la Sunnmøre torsk as ut merder i fjorden ved Alida i Volda kommune, og straks etter såg det ut til å vere sett ut fisk i alle fall i ei merd. Ikkje så veldig uvanleg i Møre og Romsdal, men denne saka er ikkje heilt vanleg.

Her er ikkje tale om eit anlegg til som vi har mange liknande av frå før. Det er tale om eit nytt fiskeslag i oppdrettsamanheng, sjølv om torsk har vore prøvd før. Dessutan er det mellom 10 og 15 søknader til om anlegg av same slag berre i Møre og Romsdal. 

Gadus group som står bak Sunnmøre torsk, Romsdal torsk, Nordmøre torsk og truleg fleire liknande selskap fekk konsesjon til torskeoppdrett ved Alida 25.11.2021. Dette vedtaket klaga Naturvernforbundet på 22.12.2021. Klaga er under handsaming i fylkeskommunen.

Konsesjonen er gyldig til vedtaket eventuelt blir gjort om. Eller viss klaga fører til utsett iverksetting. Blir vedtaket gjort om, må alt saman fjernast og ryddast opp i, for søkjar si rekning.

I denne saka meiner Naturvernforbundet at skade som ikkje kan reparerast kan skje alt frå dag ein. Difor er krav om utsett iverksetjing levert fylkeskommunen. Naturvernforbundet meiner det kjem fram i sakshandsaminga så langt at torsk sett ut i desse merdene kan gjere uoppretteleg skade på kysttorskbestanden som er i området frå før. Det kan også bli skade på t.d. laks og sjøaure.

Søknaden som låg til grunn var dessutan så mangelfull når det gjeld dokumentasjon og konsekvensutgreiing at det i seg sjølv kan vere nok til at konsesjonsvedtaket kan vere ugyldig.

Naturvernforbundet venter no at Møre og Romsdal fylkeskommune bestemmer utsett iverksetting av konsesjonen i Volda. Torskenæringa må sendast tilbake til start, og så får dei kome med kartleggingar og konsekvensutgreiingar som gjer det mogleg å handsame slike søknader på ein god måte.